Skogsleiren: Med eitt er eg attende ved bålet i skogsleirlavoen i Fyresdal ein førjulskveld. Det var alltid som om bodskapen fekk ekstra meining der, skriv prostidiakon Eilev Erikstein.

Jord og himmel møtest

Midt i mørketida kjem eit skilje i tida. Utav mørket vert lyset fødd. Frå ei krubbe i Betlehem lyser det. Så vart lyset bore utover verda, og etterkvart nådde det også oss her nord. Det er vel verdt feire.

Dag Solstad skriv i boka «Professor Andersens natt» frå 2000 om professoren ikkje har noko religiøs tru, men meiner jula likevel er viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

«En 55-årig professor som har et åpent sinn for sitt indre enfold, og følgelig kan bli i stand til å motta eldgamle fortellinger av religiøs opprinnelse, og en fred oppstår i sinnet, er det slik mon tro? undrer han seg. «Ja, slik må det være,», la han til. «Og la det så være, la han ytterlige til, i sine egne tanker. «Jeg er en ikke-troende, men tilhører den kristne kulturkrets og helt uten ironi kan jeg la julefreden fylle mitt sinn.»

Heilt utan ironi, er det vanskeleg å feire jula i vår kultur, men det er fint at høgtida rommar det meste, som sjølve livet. Alt synest ein å kome innom i jula, og der er altfor mange ting å stå til ansvar for. Vårt forbruk gjev for store klimaavtrykk. Og det kan det godt stå eit utropsteikn bak. Eigne svik og tilkortkomingar rykkar nærare med åra, kanskje kjem dei litt ekstra tett på i slike stille høgtidsdagar?

Ofte kallar ein jula eit forstørringsglas for kjensler. Det gode blir ekstra godt, det leie ekstra trist. Så er det er nok av tankar, ord og gjerningar å be om orsaking for. Difor er eg takksam for høve til å seie fram syndsvedkjenninga i gudstenester. Men ikkje ana eg at nokre juletankar til Vest-Telemark Blad skulle hente fram gamle Ane. Ei dame foreldra mine, den gongen gode prestefolk på Roan, på Fosen i Trøndelag, tok inn i heimen ei jul.

Ho Ane hadde nok ingen å feire med, og foreldra mine, særskilt mamma, stilte opp. Eg mislikte at dei tok framande inn i huset i ei slik familiehøgtid, hugsar eg. Slike diakonale stunt, ville eg ikkje ha, sjølv om eg ikkje den gongen kjende akkurat det ordet.

Om eg har høyrt eller drøymd svaret veit eg ikkje, men dei let meg forstå at så lenge me ikkje hadde våre gamle rundt oss, så kunne med opne opp for andre i jula. At Ane kunne vera ein representant for bestefar i Bø som me ikkje fekk feire med. I alle fall synleggjorde dette grunntanken i jula om å opne opp, og vera rause med kvarandre.

Mysteriet

Det at Gud var vart fødd til jorda som eit sårbart lite barn, vil alltid vera eit mysterium. Ikkje til å forstå, trua må trø til. Jorda og himmel som møtes. Det skjedde ein gong i Betlehem. Og skjer kvar gong me opnar oss for det store mysteriet; At Gud vart menneske og tok bustad hjå oss.

Lat oss gå og sjå det som er hendt, tenkte gjetarane og vismenn på marka. Oppmodinga går like gjerne til oss.

I 2006 kom ei ny omsetning av Det Nye Testamentet, og juleevangeliet vart ikkje heilt det same. Jesus, som vart sveipt og lagt i ei krubbe, er der. Men ordet «herberge» er borte frå Lukasevangeliet. Der det tidlegare stod at dei ikkje fann rom i herberget, står det no: «for dei fann ikkje husrom nokon stad.» (Lukas 2,7)

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kom for å finne husrom hjå oss, og me kan skape husrom for andre, overført og bokstavelege, det er mi tru.

Så er det godt å høyre bodet om fred og frelse nok ein gong, i ei uroleg verd, er det noko å halde fast ved. Sterkare enn noko gong treng eg å høyre at lyset overvinn mørket og englesongen

«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, blant menneske som Gud har glede i.»

Gjennom Jesus fekk Gud andlet på jorda. Eller som det heiter i musikalen Les Miserable:

«Å elske ein annan, er å sjå Guds andelet.»

Ramaskrik

Midt i gleda snik også sorg og sakn seg inn. Somme er blitt borte sidan sist jol. Sjukdom og einsemd kan ha skipla livet. Og angsten for verdas framtid er vanskeleg å koma utanom.

Heldig er me, som i denne tida kan krypa tett saman. Leite etter varme i vinterkulda, Finne bål å sette seg ned ved.

Trur enno det er plass ved bålet hjå hyrdingane på Betlehemsmarka?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her treng ein ikkje å uroe om det luktar menneske av oss. I år treng ein som aldri før å høyre orda om fred på jord over Betlehemsmarka. Nokre lange steinkast og skotsalver derifrå, vert det fødd barn i ruinane på Gaza.

Dagens keisar heiter ikkje Herodes, men Netanyahu. Vel kjenner han seg truga. Men drap på småbarn er like vanskeleg å forsvare i dag, som for 2000 år sidan.

I Rama høyrdes skrik, skriv evangelisten Matteus, når soldatane gjekk rundt å drap småborna for å finne kongesonen. Josef og Maria måtte rømme til Egypt, og Jesus fekk flyktningstatus. No også trengs det ramaskrik mot krig og drap på uskuldige.

Sårbar

Det er mange år sidan eg var student og skulle skrive samandrag og stikkord frå tekstar. Studieteknikken blei eg aldri god på, og mine næraste meiner at eg berre hugsar det eg vil.

Men skulle eg sette ned eit stikkord for jula, ville det bli sårbar:

Sårbart frå krybbebarnet til vår tids feiring. Jula full av kjensler, glede og sakn. Sjølv gåver gjer oss sårbare. Tenk om eg ikkje har gjeve nok eller kleda ikkje passar?

Eg likar ordet sårbar. Sjølv om eg helst ikkje vil vera det sjølv. Men det sårbare opnar for kontakt og nærvær. Filosofen Levinas (1906-95) skriv om Den andre sitt andlet. Andlet seier; hit og ikkje lenger, sjå opp og høyr kvifor du er i verda; for å vera eit medmenneske. Den andre sitt andlet er min bror og søster som ber om hjelp, samtidig som han/ho held mi løyndom i si hand, og ber meg syne omsorg. Me kan bare forstå et anna menneske gjennom å møte Den Andres Andlet ikkje ved å søkje vårt eige indre.

Eit andlet er det mest sårbare som fins. For meg er det store juleandletet fattigmannen frå Katthult som får servert all slags julemat. Det er henta frå ein Astrid Lindgren-filma historie om den gode Emil. Emil skjønar at bestyrarinna på gamleheimen held unna mat til seg sjølv, så han tek dei gamle heim til seg og trakterer med mammas julemat.

Artikkelen held fram under annonsen.

I glede over endeleg å kunne ete seg mett, bryt fattigmannen i lovsong: «Sjå der er lys og sæle utan grenser».

Kveik håpet

Slik er det, tenker eg, midt i det trist og leie, og det som er vanskeleg, kan andlet skine i lys og sæle. Med eitt er eg attende ved bålet i skogsleirlavoen i Fyresdal ein førjulskveld. Det var alltid som om bodskapen fekk ekstra meining der.

Så er det nokre songar som passar ekstra godt i fengsel, som Eivind Skeies adventsalme. Kvar gong denne var sungen i Skogsleiren på juleavslutninga var det stor jubel.

To lys skal skine

for kjærleik og for tru,

for dei som alltid elskar,

for dei som byggjer bru.

Må fangar verte frie

Artikkelen held fram under annonsen.

og heimlause få ly.

Tenn lys for dei som sørgjer,

kveik deira mot på ny.

I skogsleirbygdene Nissedal, Vrådal og Fyresdal synte dei si omsorg for fangane, gjennom heile året, med god heimebakst frå bygda.

Gjennom kakene fekk mange eit ekstra hjarte for dei innsette. Og for gutane på skogen, var desse kakene som ei helsing heimanfrå. Frå ei mor, ei tante eller syster. Det er rart korleis god bakst kan få ein til å tenke på Gud. Etter ei god rom- og rosinkake, var det ein som sa: «Dette er bakst til å bli religiøs av».

Så er jula også ei høgtid til å bli religiøs av, eller i det minst feire som ein professor Andersen, og utan ironi la julefreden senke seg.

Skulle eg sjølv kome med ei framlegg til kor julefreden fins, kan ein søke i næraste kyrkje. Det er ikkje sikkert at ein syng Tenn lys frå Portveien, men for nokre år sidan laga Eivind Skeie eit femte vers. Det er ein song det ikkje skulle vera vanskeleg å slutte seg til for alle, sjølv om dette verset enno ikkje er omsett til nynorsk.

Tenn lys

Artikkelen held fram under annonsen.

For livets rikdom, for jord og luft og vann

Tenn lys for fred og vennskap, for barn i alle land

Må ingen være redde, og mangle hjem og brød

Tenn lys og håp i verden, mot fattigdom og nød