Ja til barnehagar i grendene!

Fra eg var tre til seks år gjekk eg i Byrte barnehage, den flottaste barnehagen som nokon gong har eksistert. Då kameraten min og eg slutta der og begynte på skulen var det for få til at barnehagen kunne holde oppe, så derfor måtte kommunen legge ned barnehagen. Eit par år fyri la dei også ned skulen i Byrte. I det siste har det vore snakk om å åpne barnehagen i Byrte. Det er ein god idé! Og kva er det eg høyrer no? Kommunen skal spare pengar og har derfor planer om å stenge Åmdals Verk skule og barnehage, stenge Lårdal barnehage og ikkje opne i Byrte. Eg som hadde gleda meg slik til å hente veslebror i barnehagen i Byrte til hausten! Eg hugsar kor fint eg hadde det der, og vil gjerne at veslebror skal få oppleve det same. Ville det ikkje vere bra no i desse tider å ha små barnehagar spreidde ikring?

Per Espolin Grøstad Johnson (10 år)

Artikkelen held fram under annonsen.