Klassa: Elevane som gjekk saman på Kostveit skule var Hege Bjåland (f.v.), Knut Bjåland, Magnhild Øyvågslid, Signe Norheim, Margit Rinde, Tordis Norheim. Bak står Gerd Gråssvoll, som var lærar. Anne, syster til Margit, gjekk i Oslo på ein spesialskule.

Historieforteljing frå Kostveit

Framført på Jonsåkermarken 2023

Det var på Jonsåkermarken 13. juli i år at Margit Auran vart spurt om å fortelje frå då ho gjekk på Kostveit skule.

– Det var ausande regnver, forklarar Auran.

– Og så fekk dei ikkje høgtalaren til å virke. Det var mykje folk, men vanskeleg å høyre, derfor føreslo nokon at det måtte koma i VTB.

Navnet mitt var Margit (Marjit) Rinde då eg budde på Kostveit. Foreldra mine fekk bygd eit hus nord i grenda som fekk navnet Fredheim. Me flutte inn hausten 1946, då vart Anne, syster mi, født 12. desember og eg hadde fylt tre år.

Artikkelen held fram under annonsen.

På denne tid var det ikkje bilveg til Kostveit. Ein måtte enten gå over Kostveitheia til Bøgrend, der var det to buer, bank, trygdekasse, bedehus og Vinje kyrkje. Eller så kunne ein fara med båt på Totak.

«Nylendskarane» Aslak, Knut og Øystein hadde motorbåt i Fløyta. Ein kunne då koma til Kostveit Landhandel på Skålestrondi, eller ta bussen som gjekk kvar morgon frå Rauland til Dalen og attende om ettermiddagen.

For dei som budde på Kostveit var det letteare å koma til Rauland kyrkje enten med båt eller på isen om vinteren. Det er nok grunnen til at mange frå Kostveit ligg gravlagde på kyrkjegarden der.

– Me vil heller ingen veg få, enn denne linja om Tjønnegrend

Eg har vore veldig spent på når bilvegen eigentleg kom til Kostveit. Eg tok kontakt med Jon Kostveit, og visste at han kunne hjelpe meg. Han har vore med i Historielaget og dei har skrive ei bok som heiter «Veg og vandring» frå 2014. Der står eit eige kapittel om «Bilvegen til Kostveit» og det var spennande lesing.

Der står at uppsitjarane på Kostveit skreiv eit brev til heradstyret i Vinje i 1921 om å få veg til Kostveit. Der foreslo dei to alternative linjer bort til Raulandsvegen. Men i fleire år gjekk det brev, og det vart halde møter mellom vegkontor, heradstyre og fylkesmannen. Vegen skulle vera eit spleiselag mellom stat, fylke og kommune.

Dei på Kostveit ville ha vegen i rett line til Raulandsvegen. Men sterke krefter ville legge vegen gjenom Tjønnegrend forbi Øyvågslid og så til Kostveit, der var alt veg til Versto bru. Dette protestera kostveitingane på, men vegsjef K. Fixdal gjekk inn for denne linja i 1940. Og heradstyret godtok planen.

«Då tok det fyr på Kostveit!» Dei samla seg i skulestoga til eit møte. Ånund Olsnes skreiv eit brev: « Me vil ha veg i rett linje til Raulandsvegen, om Tjønnegrend er det dubbelt så langt! Me vil heller ingen veg få, enn denne linja om Tjønnegrend!» Den 9. mars 1940 skreiv 34 personar under på dette brevet.

Dei sterke protestene gjore inntrykk på overingenør Fixdal i vegvesnet. 10. juli gav han opp, sjølv om han ikkje hadde endra meining. Så vart det opphald fleire år, truleg på grunn av krigen. Men i 1948 vart det uenighet i bygda om kor vegen skulle gå. Noken ville ha vegen langs Bjårtjønn og andre ville legge vegen oppe i bygda. Det ser ut til at heradstyret måtte skjera gjennom, for i 1953 kom dei til Kostveit på befaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette kan eg minnast, eg var ti år og var til stade på Skadden nedafor Nordigard. Ingebjørg Olsnes var med i heradstyret (dotter til Ånund Olsnes). Ho var ei klok og myndig dame. Eg kan enno sjå henne for meg der ho står og slår ut med armane og seier: «Her kan vegen gange!» Og her ligg vegen i dag. Vegen vart ferdig i 1956, 35 år etter Ånund Olsnes skreiv fyrste søknaden!

175 kroner for arbeidet

Eg var og spent på når skulen vart bygd på Kostveit. Jon Kostveit kunne fortelje meg det og. Han lånte meg ei bok som Alv Straumstøyl har skrive: «Skulesoge frå Rauland og Vinje.» Kostveit skule vart bygd i 1909 av ein som heitte Sigvald Sandstøyl. Han skulle få 175 kroner for arbeidet utanom material, glas og dynn.

Uthus kom og på plass med vedskjol og to doar, ein for jenter og ein for gutar. Vatn har aldri vore innlagt, der var ei vasskjelde borte mot svingen der vegen går no. Ein måtte smelte sno om vinteren. Veit ikkje når straum vart lagt inn.

Eg gjekk på skulen frå 1950 til 1957. Med untak av eit år på Froland. Skulevegen min gjekk frå Fredheim om Nigard, over Skadden, opp Brekka til Suigard og ned jordet til skulen. Om vinteren gjekk eg på ski.

Fyrste året trur eg me var berre tre elevar. Sidan det var så få elevar både på Kostveit og Våmartveit, vart det bestemt at dei frå Våmartveit skulle koma hit. Dei måtte bu på forskjellige plassar i bygda, på Rue, Nordigard og Årtveit.

Lærarar var: Sigbjørn Haslie dei fyrste åra, Tom Torjussen eit år og Gerd Gråssvoll dei tre seinste åra. Sigbjørn Haslie budde på Rui, der budde Signe og. Me har ikkje så gode minner frå hans tid som lærar, enten Signe eller eg. Tom Torjussen trur eg budde på Olsnes. Han var real og grei. Han gjekk alltid i brune kortfløylbukser, kan eg minnast.

Gerd Gråssvoll var gift med Øystein som dreiv Kostveit landhandel på Skålestrondi. Ho hadde båt og for over Totak, eller kom ho på moped. Om vinteren gjekk ho på ski over isen. Ho var ei tøff dame. Ho tok oss med i båten til Sporanes og visa oss helleristingar på berget der. Me var og innom på Homen som ligg utanfor Lundarvollen, der dei har eit hus som høyrer til familien.

Ein gong gjekk me på ski over til Våmartveit og skulle hente bøker på skulen der. Me vart bedne inn på Åmlihaugen og fekk god mat som Tuva, syster til Signe og Tordis stelte i stand. Magnhild minnest at Gerd hadde med seg son sin Pjåkken på den turen. Me hadde bibliotek i skulestoga og eg lånte ei bok som heitte «Frendeløs,» den las eg to gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er ranselen Margit brukte då ho var elev på Kostveit skule.

Fordelen med å vera få elevar var at me blei høyrde i leksene kvar dag alle saman. Me vart SETT og fekk hjelp til det me trong, me lærde i alle fall både lesa og skrive. Eg skreiv ein stil hugsar eg: «Då eg var barnejente» Den handla nok om at eg passa ungane på Talleivsdalen. Me hadde ikkje telefon enten på Fredheim eller på Talleivsdalen, så Halvor og Ingebjørg kom og henta meg av og til.

I friminuttane var me ute og slo ball, leika «svibrendt,» vippa pinne eller andre ting. Om vinteren var det ski, slalom, hopping eller utforrenn. Magnhild fortalde at Knut hadde laga eit hopp på Jonsåker med tilrenn opp i skogen. Han sa at jentene var pyser som ikkje torde hoppe. Då måtte me seta utfor og det vart knall og fall.

Signe fortalde om ein sparketur på vegen frå Suigard, der alle var på same spark og ho sat fremst. Det enda med bråstopp i grus på flaten og Signe fekk alle over seg og skrapa seg opp i andletet.

Gerd vart narra fyrste april ein gong. Dei sa at det var telefon til henne på Suigard. Då ho hadde kome eit godt stykke opp i bakken ropa dei: Aprilsnarr! Då vart ho visst litt sinna. Eg kan ikkje minnast dette, så det må vera året etter eg slutta!

Eg minnest i alle fall at me hadde joletrefest på Øyvågslid saman med Tjønnegrend. Der var det to store rom og me fekk jolekake og kakao. Me gjekk rundt joletreet, hadde sketsjar og song.

Siste året mitt på Kostveit forekjem det meg at Ånund Lid (han var skuleinspektør) kom opp og hadde ein slag eksamen med meg. Veit ikkje om eg skreiv stil, men eg skulle velje eit stykke og lesa høgt. Eg las forteljinga om Marte Svennerud, og den kan eg mykje av utenat av enno.

Siste året mitt på Kostveit var eg einaste sjuendeklassingen, Signe og Knut var sjetteklassingar og Tordis, Hæge og Magnhild var fjoreklassingar. Det var skule på Kostveit bare eit år til, så måtte dei til Vehus. Då vart dei henta i drosje, fortalde Magnhild,

Eg må sei eg er stolt av at eg gjekk på Kostveit skule. Ungane mine har og vore stolte av å vise fram den vesle skulen til familie og vener. Dei har kappast om å seie:

Artikkelen held fram under annonsen.

Her gjekk Mamma på skulen!

Margit Auran