FNs klimapanel er trauste fagfolk

Under ein fagkonferanse i Mexico i 2000 var det at forskaren Paul Crutzen tok til motmæle mot den ævelege bruken av ordet «holocen». Holocen er den geologiske epoken som går frå slutten av siste istid og til i dag – iallfall meinte dei det i 2000. Men nederlendaren Crutzen syntest ikkje omgrepet var dekkjande lenger. «Slutt å seia holocen! Me er ikkje i holocen meir», protesterte han. «Kvar er me då, Paul?» spurde kollegaene. «Me er i antropocen,» svarte han. Menneskealderen.

Crutzen (1933–2021) var ikkje kven som helst. Han hadde vunne Nobelprisen i kjemi saman med to andre for sitt arbeid med å visa korleis ozon blir brote ned. Sine barneår fekk han i eit fattig Nederland, og han såg klassekameratar bukka under for hungersnauda der i 1944–1945. Han utdanna seg fyrst til ingeniør og brubygging, men fann snart vegen til meteorologien – eit fag som hadde vind i segla på den tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hadde også atombomba, som stormaktene prøvde ut kring 2000 gonger fram til 1990. Dette, i lag med andre moderne apparat, verka inn på atmosfærekjemien, og Crutzen var med på å visa at ozonlaget er særs fintmerkande for menneskeskapte utslepp av nokre gassar.

Utan ozonlaget hadde me vore ille ute. Ozon er ikkje noko å pusta inn, men ozonlaget skjermar oss frå farleg stråling frå sola. Me skal vera glade for internasjonale miljøavtaler slik som Montreal-protokollen frå 1988, for med dei kom verdssamfunnet saman om å stansa utsleppa av ozon-fiendtlege gassar.

Fullt så bra har det ikkje gått med klimaforhandlingane, men ingen kan seia at kunnskapsgrunnlaget har vore for svakt. FNs klimapanel, som blei skipa etter framlegg frå mellom anna Paul Crutzen, sleppte ein ny delrapport på måndag. Her viser dei at mengda av drivhusgassar i atmosfæren har auka monaleg sidan 1750, og kva fylgjer det har for naturen: Den globale temperaturen har auka med meir enn éin grad, havet tek opp karbon og blir surare, og havnivået stig, for å nemna nokre døme. Dessutan kan norske isbrear bli noko me les om i historiebøkene. Me veit iallfall at dei fleste breane våre forsvann etter førre istid, og då var det berre to–tre grader varmare enn i dag.

Det finst mykje mistillit mot FNs klimapanel. Sunn skepsis er bra, og klimaaktivistane går ofte vel langt i å dramatisera tinga. Av og til gjer forskarane det også. Men la oss ikkje falla uti ein kulturkrig. Hugs, det er ikkje Lan Marie Berg, Rasmus Hansson eller Greta Thunberg som gjer det trufaste arbeidet med å kartleggja og varsla om klimaendringane. Det er for det meste trauste fagfolk.

Paul Crutzen gjorde kjempekarriere med å studera gassar oppe i atmosfæren, men var ikkje den som bragla med rikdom og høgd. Han budde i eit lite hus til det siste og åtte aldri bil. FNs klimapanel står i same forskingstradisjon som han.