Finn Skoland til minne

(31. desember 1933 - 30. juli 2023)

Finn Skoland døydde 30. juli, nær 90 år gamal. Han var fødd i Seljord i 1933, flytta til Oslo i 1954, tok telegrafistutdanning på Sjømannsskolen. Han gjekk på det fyrste programingeniørkurset NRK hadde på slutten av 50-talet. Han fekk jobb i NRK i 1958 og gjekk av med pensjon like etter år 2000.

Finn hadde ei svært allsidig karriere som lydteknikar i NRK Radio. Han var leiar for «Utendørs» ein periode. På 60-talet arbeidde han i «Kortbølga». På midten av 60-tallet haika han og Kjell Edland gjennom Europa for å lage ein radioserie. Under den russiske invasjonen i Tsjekkoslovakia 21. august 1968 var han på jobb i Dagsnytt og avvikla dei hektiske sendingane. Finn Skoland var også med på dei fleste av NRKs sendingar frå VM og OL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg var så heldig å få jobbe i lag med Finn Skoland mange gonger i radioen. Det var hyggeleg å få arbeide i lag med ein fagmann som nesten var sambygding. Eg minnest med stor glede ein reportasjetur vi hadde til Island og Færøyane i 1975/1976. Vi laga fleire program frå dei to landa der vest i havet. Eg hadde vore på Island før, og tok Finn med nedi «Laugardalen» for å lauge oss i «Heitapottur». Der var tre pottur – varm, varmare, varmast. Eg minnest feil så eg kom til å sende Finn i den heitaste potten fyrst. Men då klaga han fælt: «Jøss bli det heitare enn detta så bli eg koka!» Det blei ikkje heitare og vi for til Færøyane. Vi snakka ikkje engelsk. Folket der vest forsto oss med våre dialektbakgrunn frå Seiljord og Vinje! Det som gjorde størst inntrykk frå turen på Færøyane var vitjinga hjå diktaren litt oppi lia frå havna, William Heinesen. Under intervjuet bruka han lang tid med pauser mellom setningar og ord, og eg tenkte at det var ubrukeleg. Då vi kom heimatt gjekk Finn gjennom intervjuet, redigerte, tok ut pauser og klipte. Vi fekk ros for programmet.

Finn Skoland er burte. Det er trist og vemodig for vi som kjende han, men særleg for familien. Finn Skoland var ikkje ein mann med store ord og fakter. Ibsens ord passar Finn Skoland «…det kommer ikke bedre folk fra bygdene nu til dags!».

Eg lyser fred over Finn Skolands minne.

Åsulv Edland