Eleven si oppleving av vidaregåande utdanning – i Seljord

Som tidigare elev ved den vidaregåande skulen i Seljord er det trist å lesa at hovudutvalet i Vestfold og Telemark fylke gjekk for rådmannen sitt framlegg om å ikkje starte opp media og kommunikasjon og kokk og servitør VG 2, dette skuleåret. Kva er det då att av den vidaregåande i Seljord? ikkje så veldig mykje. Kun 3 klasser.

Dette er ikkje fyrste gongen den vidaregåande skulen i Seljord har vore nedleggingstruga. Den har vore i denne situasjonen sidan tidleg på 1990-talet.

Eg tenkjer at det er på tide og satse på den vidaregåande i Seljord. For den skulen er bare heilt fantastisk å gå på. Det kan eg som tidlegare elev skrive under på. For her møter du kjempeflinke og gode lærarar som ser kvar enkelt elev. Det et ein trygg og god skule. Det er ikkje like lett for alle å gå på ein skule med mange elevar. Då er Seljord den rette skulen og gå på.

Det at ein les at den vidaregåande i Seljord kan bli lagt ned gjer og til at ein del ikkje søkjer seg til Seljord, for dei veit ikkje om dei får fullført skuleløpet sitt der. Då må du kanskje bytte skule og flytte vekk. Det er ikkje alle som er klare til å flytte vekk på hybel og bu for seg sjølv når ein er 16–17 år.

Eg gjekk sjølv 2 år i Seljord og har vore med å kjempa for den skulen før. Mine to år i Seljord var heilt fantastiske og gode, gode og snille lærarar, ein liten skulle som ser kvar elev, den er trygg og god. Mine to år i Seljord vil aldri bli gløymt, her fekk eg minne og opplevingar for livet. Eg storkosa med på skulen kvar dag og hadde det kjempe bra på skulen.

Tone Susanne Kvasjord,

tidlegare elev