Å seie det som det er

– Å flytte DPS (distriktspsykiatrisk senter red. mrk.) frå Seljord til Notodden, meiner eg er ei feil avgjerd. Uttala kjem ikkje frå nokon kven-som-helst, men frå ei som har arbeidd som overlege ved DPS i Seljord i 25 år og som no er pensjonist. Ragnhild Aarrestad tok til pennen då Vest-Telemark blad i midten av februar melde at Sykehuset Telemark hadde avgjort at poliklinikken i Seljord skulle leggjast ned og samlokaliserast med klinikken på Notodden.

Avgjerda til klinikksjef Kjetil Christensen var mellom anna grunngjeven i vanskar med rekruttering av fagfolk til Seljord. Dét er ikkje den tidlegare overlegen samd i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur ikkje det primært har med bustad å gjera, men meir leiingsstruktur der sentrale fagfolk i liten grad blir involvert, skriv ho.

Så får ålmenta eit innblikk i korleis denne helsetenesta har blitt styrt.

– Då Kjetil Christensen var leiar for DPS-ane i øvre og nedre Telemark, frå september 2015 til april 2018, umaka han seg aldri til å besøkje oss som dreiv poliklinikken i Seljord. Eg har aldri helsa på mannen, opplyser Aarrestad.

Takk til den pensjonerte overlegen for opplysningane frå innsida av denne delen av psykiatritenesta. Offentleg tilsette har ikkje berre lojalitet overfor arbeidsgjevaren, men også til innbyggjarane.

– At så mange ikkje delar denne kunnskapen er eit mykje større samfunnsproblem enn at nokon somme gonger ikkje overheld lojalitetsplikta, har juristen Anine Kierulf uttala til nettavisa til LO Media, Fri Fagbevegelse.

Kierulf blir rekna som ein av landets fremste ekspertar på ytringsfridom. Ho er fyrsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og har gjeve ut boka «Hva er ytringsfrihet». Der heiter det mellom anna at «Eit folkestyre føreset både at me får veta det me vil, og at me får seia det me vil om samfunnet rundt oss og om politiske prioriteringar.»

Offentlege institusjonar, herunder også kommunale sådane som barnehage, skule og sjukeheimar, har viktige samfunnsoppdrag der drifta og styringa av desse er av ålmenn interesse. Så kvar går grensa for lojaliteten overfor arbeidsgjevar? Advokatane Ragnhild Bø Raugland og Andreas Holmsen-Ringstad har skrive om ytringsfridom og lojalitetsplikt i fagbladet for medlemer av Juristforbundet, Juristen. Der peikar dei på at det å få retta kritisk søkjeljos på verksemda ligg innanfor ytringsfridomen, sjølv om dette er er uønska eller uheldig for arbeidsgjevaren.

Kommunesektorens organisasjon, KS, har gjeve råd om at kommunane bør ha vedteke og offentleggjort etiske retningsliner for medarbeidarar og folkevalde. For Seljord kommune vart retningslinene reviderte for vel eitt år sidan. Innleiingsvis heiter det at «alle tilsette og folkevalde i Seljord kommune pliktar å utføre oppgåvene sine og opptre utåt på ein etisk forsvarleg måte, slik at det bidreg positivt til kommunens omdøme og truverd i lokalsamfunnet».

Artikkelen held fram under annonsen.

I punktet om ytringsfridom blir det understreka at kommunalt tilsette, på lik line med alle andre, har ein grunnleggjande rett til å delta i offentleg debatt, også om verksemda til kommunen. Vidare blir det påpeika at slike uttaler ikkje må forvekslast med offisielle uttalar på vegne av kommunen. Offisielle uttalar er det berre øvste leiinga i kommunen som kan koma med.

Poliklinikken som vart opna i Seljord i 1995 var eit resultat av at ein ville flytte psykiatritenesta ut i distrikta, fortalde Ragnhild Aarrestad til lesarane av Vest-Telemark blad då ho pensjonerte seg for vel tre år sidan. I dei seinare åra har institusjonen gradvis blitt plukka frå oppgåver og tenester på same måte som det som skjedde med seigpininga av den vidaregåande skulen i bygda – skulen som til slutt blei nedlagt. I debatten om slike spørsmål trengst også synspunkt frå arbeidstakarane.

Tilgangen til informasjon er viktig for eit velfungerande demokrati. I jobben sin har tilsette spesiell kompetanse, innsikt og erfaring. I ei vurdering om regulering av ytringsfridomen til dei tilsette uttalar Sivilombodet dette (2014/91):

– Det vil ofte vera nettopp i eigenskap av å ha fyrstehandskjennskap til området, at den tilsette sine ytringar er viktige i den offentlege debatten. Ytringsfridomen til dei tilsette kan også bidra til å motverke og avdekkje ulovlege eller kritikkverdige tilhøve.

Innbyggjarane i Vest-Telemark ser fram til å høyre fleire kompetente og klåre røyster frå innsida av dei offentlege etatane og institusjonane. Frå folk som tør å seie det som det er. Slik kan betring skje.