Kronikk
22. juli handlar ikkje berre om minne. Dagen handlar også om ansvar
Det er juli, og når fotballfeiringa har lagt seg, er det tid for ei anna markering. Den gongen strøymde òg folk ut på gatene. Med roser i hendene.
Til liks med roinga i samband med fotball-VM vart også bilda av rosetoga sendt verda rundt.
I dag er det femten år sidan terroren på Utøya. At det alt er så lang tid er rart.
Sjølv er eg fødd i 1960, som var berre ei kort beite etter verdskrigen. Krigen var det mykje snakk om min oppvekst. No treng nye generasjonar å høyre om kva som skjedde sommaren for femten år sida.
Går me femten år attende kan dei fleste hugse kvar dei vår då nyheita om terroråtaket den 22. juli kom.
Eivind Hovden frå Tokke var ein av dei som vart skoten på Utøya.
I mitt hovud dukkar eit bilde av den unge konfirmantguten opp.
Ein som sa, når eg mangla dekning på ei rode til Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp: – Den kan eg ta.
Midt i sommarvarmen går tankane attende til ein regntung dag i 2011. Nærare bestemt 5. august i Mo kyrkje. Sjeldan har det vore så mykje folk i og kring kyrkja. Godt det ausa ned, tenkte eg etterpå. Då slapp nokon å stålsette seg for å halde tårene tilbake.
Når sommaren ligg varm over bygda, er det vanskeleg å sjå føre seg stemninga den dagen. Men på vinteren ser eg framleis stigen bort til Eivind Hovden si grav.
Nokon held han open. Nokon går dit for trøyst, for sorg eller for sinne. Kanskje alt på ein gong.
I tankane kjem også ein gamal kaffibonde eg møtte på Haiti for mange år sidan. Landet var utmatta, fattig og syntest å mangle håp. Dette var lenge før jordskjelvet i 2010. Då me spurde om han såg ei framtid for landet sitt, svara han:
– Me går og me går, og til slutt blir det ein veg.
For meg blir snøstigen ved Mo kyrkje eit symbol. Først som eit levande prov på at sorg på sitt vis er livsvarig, og at minne om 22. juli-hendinga må halda opp i snø og blest. Kanskje ser me tydlegare no at demokrati og folkestyre er ferskvare.
I nærleiken av grava til Eivind finn me også namna til Aslak J. Vistad og Jørgen T. Li. Dei fall i kamp mot nazismen våren 1940. Mellom dei og Eivind ligg eit heilt livsløp av norsk historie. Men det finst også ei linje som bind dei saman. Alle tre vart offer for ideologiar som deler menneske inn i «oss» og «dei andre», og som meiner vald kan vere eit legitimt svar.
Difor handlar 22. juli ikkje berre om minne. Dagen handlar også om ansvar.
Demokratiet tek ikkje vare på seg sjølv. Det må haldast ved like, slik ein held ein snøstig open gjennom vinteren. Om ingen går der, snør og bles han att.
Om ingen forsvarer folkestyret, lyttar til meiningsmotstandarar og tek del i fellesskapet, blir demokratiet svekt.
Demokratiet krev ikkje at me alltid er samde. Men det krev at me anerkjenner kvarandre som medmenneske. Det krev at me vel samtale framfor alt, og kanskje blir litt som fotball-landslaget som omfamnar motstandarane etter heftige kamper.
Når me i dag minnest 22. juli, gjer me det ikkje berre for dei som vart drepne. Me gjer det for dei som lever vidare med tapet. Me gjer det for barna som skal vekse opp i eit samfunn der menneskeverdet står fast. Og me gjer det for demokratiet, som framleis treng vern, omsorg og deltaking.
Rosetog får vera eit bilde på det å dele sorg, og syne solidaritet for dei som vart råka. Men for å bevare og styrke demokratiet er kanskje roing eit betre narrativ. Roing er hardt arbeid, ein er best når mange gjer det saman. Og så krev roinga at me alle er aktive. Ein kan nok innimellom få kvile på årene, men ein er framleis på same båtlag.
Så skal Eivind Hovden alltid stå i eit eige lys hjå meg, fordi han var så villig til å hjelpe dei som hadde mindre. Den store verda krev at me, som har fått så mykje, også kan dele vår rikdom. Elles var me fattige.