Surdeig: Ordførar Jon Rikard Kleven meiner at kulturen i Vinje er som ein kulturell surdeig som veks og lever.

Vinje er marinert i kultur: – Det er den marinaden som ligg her som ein fleire hundre år gamal surdeig som framleis veks og bringar fram forfattarar, knivmakarar, songarar

Arenaleiar ved Vinjesenteret, Petra Johnsdotter Helgelsen er spent på årets litteraturdagar. – Det meste på programmet «blinkar» til Tarjei Vesaas, men med mange spennande vinklingar, seier ho.

Årets litteraturdagar har fokus på Tarjei Vesaas sitt 125-årsjubileum, og programmet blei presentert ei veke før Helgesen starta i jobben 1. mai i år.

– Derfor kan eg seie at dette er både morosamt og godt tenkt, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er selt 150 billettar til fredagen og nesten 200 på laurdagskvelden.

– Me er redd me kanskje må avvise folk som ikkje har kjøpt billett.

Tradisjonen tru

Helgesen seier at dei er opptatt av å ta vare på tradisjonen til litteraturdagane.

– Dei starta med Storegutprisen i 2001 i Edland, så laurdagskvelden er det utdeling av pris og konsert der. Resten skjer her på Vinje, både inne i Vinjesenteret og på Vinjar.

For å kunne gjennomføre dagane har senteret, som no har ansvar for det årlege litteratur-arrangementet, henta inn i underkant av 30 frivillige. Nokre er med for første gong, medan mange av dei andre som er med og dreg lasset, har vore med i mange år.

Til dekka bord: Arenaleiar ved Vinje-senteret, Petra Jonsdatter Helgesen, skryt av resultatet av arbeidet forgjengar Kristian Rantala har lagt i årets program.

Duk og dekka bord

– Eg kom til duk og dekka bord når det gjaldt programmet, og det er eit fantastisk program som held fast i Vesaas-tråden samstundes som det er mange vinklingar, både Vesaas på andre språk og Vesaas med skeivt blikk.

I år får dei også til å ta i bruk heile huset. I kveld skal publikum vere med og gå ei løype der dei får oppleve høgtlesing av Vesaas-noveller med Astrid Versto og Hildegun Riise, vising av novellefilmen «Det rare» og ein lydinstallasjon i kjellaren på Vinjar.

– Det blir meir intimt, og så får publikum røre seg og vere meir aktive enn det som er vanleg ved slike arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opninga

Silje Hegg spela fløyte til opninga, før ho gjorde seg klar til å vere programleiar. Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven heldt opningstale der han hylla kva Tarjei Vesaas har betydd for at Vinje er blitt ein kulturkommune.

Programleiar: Silje Hegg opna Litteraturdagane med fløytespel.

– Kva betyr det for Vinje at ein del av den kulturell grunnmuren vår er Tarjei Vesaas, var eit av spørsmåla han stilte.

Ein tydeleg stolt ordførar siterte forfattar Torgeir Schjerven, som under litteraturdagane i 2016 sa: «Vinje er marinert i kultur».

– Det er den marinaden som ligg her som ein fleire hundre år gamal surdeig som framleis veks og bringar fram forfattarar, knivmakarar, songarar. Og no er Vinjesenteret blitt ein del av den kulturelle surdeigen, meinte ordførar Kleven til den fullsette salen på Vinjar fredag føremiddag.

Fullt hus: Salen på Vinjar var fylt til siste stol då Littareturdagane hadde si offisielle opning fredag føremiddag.