Lars Bjaadal og Einar Særsland arbeider med å få liv i mølla på Lakshøl i Seljord. Her med tannhjulet som skal drive kverna.
Lars Bjaadal og Einar Særsland arbeider med å få liv i mølla på Lakshøl i Seljord. Her med tannhjulet som skal drive kverna.

Vil ha korn i mølla att

Dei gamle bygga ved Lakshøl i Seljord husa i si tid både sag og mølle. Abeidet med å få i stand den gamle mølla går framover, takka vere eldsjeler.

Det er mykje historie knytt til dei vêrbitne bygningane ved Lakshøl i Seljord. Særleg når fossen går stor er det mange som stoppar her. I framtida kan aktiviteten inne i bygga vekke endå meir interesse.

– Lakshøl er eit minnesmerke over ein stor arbeidsplass i Seljord. Dette var ein stor industri. Under krigen var det i alle fall 18 mann i arbeid her. Det har vore sagbruk her og det var her dei kom både med tømmer og korn, fortel Einar Særsland, som har arbeidd med å restaurere Lakshøl i ei årrekkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 90-talet blei det starta ei stor restaurering med å ruste opp den berande konstruksjonen i heile bygget. Ein arbeidsgjeng ynskte at bygga skulle halde seg og ikkje bli øydelagt.

– Det var truleg i 1993–94. Då kom ein del handverkarar for å hjelpe til, fortel Særsland.

– Dette var ei tid då det var relativt stor arbeidsløyse og me fekk kommunale og statlege midlar til å ruste opp bygget. Olav Slaaen, næringssjef i Seljord kommune den gongen, var pådrivar for å få gjort denne restaureringa. Han var ein viktig person for at arbeidet blei starta, fortel Einar og Lars Bjaadal, som båe har vore med heile tida.

Lars Bjaadal og Einar Særsland vonar mølla på Lakshøl snart kan produsere mjøl att.
Lars Bjaadal og Einar Særsland vonar mølla på Lakshøl snart kan produsere mjøl att.
Einar Særsland har pussa opp røra som skal forsyne turbinen med vatn. I sommar håpar han rørgata blir montert.
Einar Særsland har pussa opp røra som skal forsyne turbinen med vatn. I sommar håpar han rørgata blir montert.
Lakshøl var truleg ein av dei største arbeidsplassane i Seljord i si tid.
Lakshøl var truleg ein av dei største arbeidsplassane i Seljord i si tid.
Lakshøl var truleg ein av dei største arbeidsplassane i Seljord i si tid.
Lakshøl var truleg ein av dei største arbeidsplassane i Seljord i si tid.

På 90-talet blei det også lagt nytt spontak, og sidan den gongen har det vore ei gruppe som kommunen har bede om å ta vare på Lakshøl, fortel karane.

– Men den som har tatt best vare på og arbeid mest på Lakshøl, det er Einar, meiner Lars som fortel at han har tatt seg mest av papirarbeid.

– Det er absolutt Einar som har gjort jobben, rosar Bjaadal.

Skal få det til

Einar har eit mål om at den gamle mølla i Lakshøl skal svive att. Og det er ein 105-åring som må i drift att om dei skal få det til.

VTB møter karane utanfor Lakshøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Inntaket med vatn frå fossen dreiv i si tid både kraftstasjon, sag og mølle, seier Bjaadal.

– Ja, to møller blei drive her. Ei som høyrde til Øverland og ei til Bjørge, legg Særsland til.

Mølla som dei nå arbeider med å få i stand att er Øverlandsmølla.

– Då kraftstasjonen blei nedlagt, den gongen Sundsbarm blei utbygd, blei maskineriet på Lakshøl elektrisk. Me ynskjer å få i stand att mølla med drift frå vatn, seier Lars og Einar og tar med VTB ned til bygget.

Dei fortel at Sundsbarm kraftverk har tatt ansvaret for å vedlikehalde dammen ved Lakshøl. Her er det forsterka og støypt opp att murar, medan Einar har tatt jobben med å pusse og måle vassrøra som skal føre vatnet inn til Lakshølbygget.

– Desse røra låg tidlegare ved Såheim vasskraftverk på Rjukan der dei blei bruka ved amuniakkfabrikken. Arbeidet vidare blir at alle røra må bli sett saman og me må få på plass ei avgreining ned til turbinen, peikar og forklarar Einar.

Han håpar at jobben med å montere saman røra kan bli gjort i sommar, og vil gjerne ha med fleire på arbeidslaget.

Det er mange dugnadstimar lagt ned i Lakshølprosjektet, men karane har også fått stønad til opprustinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skagerak energi via Sundsbarm gav mellom anna ei gåve på 200 000 kroner til restaureringa, så me har pengar att enno, smiler Lars.

Stadige prosjekt

Trinn for trinn har opprustinga av dei historiske lokala tatt form tett ved europavegen i Seljord.

Tidlegare i år bytta Gunnulf Nordbø, Lars og Einar ut trappene som tar ein inn i Lakshølbygget.

– Inngangspartiet begynte å rotne så det var på tide å bytte det ut, fortel Lars.

Dei trur det har vore møller på staden i mange hundre år, men kor gamalt det kan vere, det veit dei ikkje.

Einar kan minnest at både mølla og sagbruket var i drift då han flytta til Seljord i starten av 1970-talet.

Gamalt og nytt

Me slår fylgje inn i bygget, og Einar forklarar ivrig om prosessen som har halde på i mange år.

– Der er ein ventil som har kome frå Drammen vassverk, den var visst øydelagt, men det fekk eg fiksa med ein ny pakning frå Tyskland, smiler han nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

På golvet ligg framleis skinnegangen som i si tid var i full bruk for å frakte vogner med korn inn på mølla. Karane forklarar korleis kornet kom inn med transporttralla, og me går ned ei trapp til etasjen under. Her er det mange kraftoverføringar overalt, reimar og band går på kryss og tvers i rommet.

– Her ligg kvennsteinen som er bytta ut, målet vårt er å få male grautmjøl, og det trur eg me skal få til. Eg trur faktisk Einar vil syte for at dette kjem til å svive att, seier Lars.

– I etasjen under ligg turbinen som skal syte for at mølla skal svive, inviterer karane, og me går ned endå ei trapp. Her vil rørgata med vatn kome inn til turbinen som skal drive mølla.

– Turbinen har vore til Oslo på verkstad for å bli pussa opp og blitt rustbehandla. Etter det blei han sandblåsen og måla opp att, og nokre delar er dreia opp nye og bytta ut, forklarar Einar.

– Skal ein drive med dette på dugnad, er det naudsynt å ha med nokon med kompetanse frå tidlegare, seier Lars og meiner Einars kunnskap er gull verdt.

Einar arbeidde på Sundsbarn kraftverk der han fyrst var maskinist og seinare maskinmeister.

– Etter eg dimma i militæret jobba eg med kraft i 42 år, fortel Einar.

Må bytte tenner

Det er mykje som må kome på plass for at drifta i mølla skal starte att. Det gamle drivverket som skal drive kverna har tretennar, og må truleg få ei oppussing det også før det kan start opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mogleg me må bytte ut nokre av tennene. Det blir akkurat som å vere hos tannlegen, kanskje det må ha gebiss, ler Særsland.

Det er imponerande å sjå alle kraftoverføringane som er sett saman med reimar og band inne i det gamle bygget, og meir fascinerande blir det når ein tenker på at alt blei drive av vasskraft.

– Og her var det bare rå mannekraft, ingen kraner til å lyfte eller anna. Det er imponerande å tenke på den kunnskapen dei som i si tid bygde dette sat med, meiner karane.

Dei er på veg til å vekke liv i eit bygg over fire høgder att.

– Det hadde vore moro å vise yngre generasjonar kva vatnet betydde tidlegare. Men me vil aldri kome i mål utan at Einar står i spissen for prosjektet, meiner Lars.

– Så sant helsa held skal det svive att snart på Lakshøl, lovar Einar.