Trur på auka engasjement: – Me meiner at ein distriktsopera vil bidra til auka engasjement og gode opplevingar hos profesjonelle kunstnarar, frivillige, barn og ungdom, og publikum – og den skal skape auka attraksjonskraft for regionen vår, seier hovudutvalsleiar for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett i Vestfold og Telemark fylkeskommune, Maja Foss Five. (Illustrasjonsfoto) Foto: Colourbox

Vil etablere ein distriktsopera

Ein eigen distriktsopera som set opp små og store operaframsyningar, som er ein felles arena for amatørar, profesjonelle, unge talent og lokale statistar. Det skal fylkeskommunen saman med operamiljøet i fylket nå undersøke om det er mogleg å etablere.

I eit møte 24. november løyvde politikarane i hovudutval for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett 750 000 kroner til eit forprosjekt som skal greie ut høve for ei etablering av ein distriktsopera i fylket. Det skal bli tilsett ein prosjektleiar i 1 år som skal leie forprosjektet i 2022-2023, melder Vestfold og Telemark fylkeskommune i eit presseskriv.

– Det blir eit spennande arbeid som me ser fram til å følgje. Me meiner at ein distriktsopera vil bidra til auka engasjement og gode opplevingar hos profesjonelle kunstnarar, frivillige, barn og ungdom, og publikum – og den skal skape auka attraksjonskraft for regionen vår, seier hovudutvalsleiar Maja Foss Five.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt tilhøyre

Fylkeskommunen opplyser at Vestfold og Telemark er den einaste regionen som ikkje tek imot stønad til opera over statsbudsjettet. Til samanlikning får Opera Østfold 7 185 000 kroner årleg. Det er i dag fem distriktsoperaer i Noreg, og desse har tatt på seg eit ansvar for å desentralisere og gjere tilgjengeleg operakunst i Noreg.

– Distriktsoperaene har eit tett samspel mellom profesjonelle og frivillige, og det er ein styrke som forankrar verksemda sterkare i lokalsamfunnet. Operaoppsettingar kan vere folkelege i si form og engasjere menneske i alle aldrar, både framfor og bak scenen, meiner hovudutvalsleiaren.

Fylkespolitikarane har lagt som ei føresetnad, at det både i forprosjektet og i eit framtidig operaselskap, bør bli lagt til rette for at ein kan setje opp mindre operaproduksjonar og konsertversjonar, som til dømes operapubar, i andre byer og distrikt i Telemark og Vestfold.

Samla begeistring

Fylkeskommunen melder vidare at det er fleire aktive operamiljøa i fylket i dag. Målet med forprosjektet er å samle desse, og andre samarbeidspartnarar – som kommunar, for å greie ut høva for etablering av eit felles operaselskap. Eit slikt selskap vil vere ein paraply for miljøa, og er dessutan ein føresetnad for å kunne søke om statlege midlar til ein eigen distriktsopera.

– Me har alt halde sonderingsmøte med fleire kommunar og operaaktørar. Me opplever ei samla begeistring for idéen frå både profesjonelle aktørar, amatørmiljøa og kommunar, og det er eg kjempeglad for. Ein er også einig om at forprosjektet bør kartlegge kva aktørar som vil inngå i eit slikt selskap, og det organisatoriske, kunstnariske og finansielle grunnlaget, forklarer Foss Five.

Forprosjektet skal også vurdere fysisk lokalisering, men politikarane uttalar i vedtaket at eit framtidig operaselskap bør ha fysisk nærleik til ein scene som kan huse ein fullskala innandørs operaproduksjon, og nærleik til dei miljøa som har størst aktivitet og mest erfaring i fylket bør bli vektlagt, melder fylkeskommunen.