Besøksvenene: Karianne Firingen Skori og buhunden Vesla (5) er godkjent besøksekvipasje gjennom Røde Kors.

Vesla er terapi i pels: – Me skulle gjerne hatt fleire besøkshundar

I Vest-Telemark er det tre godkjente besøkshundar. Buhunden Vesla (5) er ein av dei. – Me skulle gjerne hatt fleire besøkshundar, seier matmor og instruktør Karianne Firingen Skori frå Seljord.

Når Karianne Firingen Skori tar på den raude hettejakka med Røde Kors- og besøksvenlogo forstår den fem år gamle buhunden hennar at det skjer noko morosamt.

– Når eg også finn fram det raude skjerfet blir Vesla ekstra glad og klar for jobb som besøkshund, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to er åleine om oppgåva som besøkshund i heile Seljord kommune.

– Eg rekk ikkje å besøke alle eg skulle ynskje, og det gjer vondt. Etterspurnaden er stor, så Vesla skulle så gjerne hatt fleire kollegaer, seier Skori.

Alt som 12-åring hadde ho med buhund på institusjonsbesøk.

– Tante jobba på Heddeli, og seinare på Nesbukti, og eg tok ofte med meg hunden innom på besøk til bebuarane når tante var på jobb. Eg sa vel at dette var noko eg skulle gjere når eg blei vaksen også. Gleda var like stor for besøka den gongen som det er nå, og eg får den same gode kjensla av å ta turen innom, smiler Skori og klappar Vesla som sit og ser med eit venleg blikk ved sida av ho.

Fekk ein liten godbit: Karianne Firingen Skori og buhunden Vesla (5) besøkte Vesla og dei andre bebuarane på Veslestova på Nesbukti pleie- og omsorgssenter saman med helsefagarbeidar Monica Braaten.

– Sjå på dei augo, då

Me møter besøksduoen ved Nesbukti pleie- og omsorgssenter, der helsefagarbeidar Monica Braaten møter oss. Ho seier at tilbodet om besøkshund på institusjon er gull verdt.

– Å sjå reaksjonen til bebuarane, sjå kor glade dei blir av å stryke over pelsen på hunden. Det er ingen tvil om at dette er menneskets beste ven, og det skulle absolutt vore fleire hundar, eller dyr generelt, som kom på besøk. Mange av bebuarane har hatt dyr heile livet, så slike møte skulle me gjerne hatt fleire av, seier ho og viser veg inn til veslestova på Nesbukti.

– Nå kjem det besøk, fortel ho til bebuarane og pleiarane som sit i stova medan haustsola sender ettermiddagstrålane inn gjennom glaset.

– Nei, men hei du. Eg som alltid har vore så glad i bikkjer. Me hadde alltid bikkje heime heilt frå eg var lita, seier ei av kvinnene. Ho set seg opp i stolen. Gleda lyser frå andletet medan ho kallar hunden til seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho strekkjer handa fram og stryk kjærleg over den mjuke pelsen.

– Dei er som menneske, sjå på dei augo, då, seier ho varmt til buhunden før Vesla ruslar vidare til neste stol for å sjå om det er ein godbit eller litt kos å hente der.

Etter ein runde og prat i stova, ruslar besøksduoen ut att frå avdelinga. Skori innrømmer at det er mange gonger ho har blitt rørt og tårane har kome etter møte med dei eldre eller sjuke.

– Det er ein takksam, frivillig jobb som gjer meg mykje og eg har mange gode minne frå møte eg og Vesla har hatt. Det er terapi i pels, det er det ingen tvil om. Det er medisin i møta me har. Å sjå andlet som strålar av glede, det viser viktige og gripande augneblink, meiner ho.

Etter besøket inne på Nesbukti kan Vesla bli litt sliten, og det er godt å få av skjerfet vere fri og hoppe og leike ute.

– Dei seier at 15 minuttar inne på institusjon er som ein times mentaltrening for hunden, så dei blir slitne, seier Skori som besøker Nesbukti ein gong i veka.

Vil gjerne utdanne fleire besøkshundar

Men det er ikkje bare å ta med hunden inn på institusjonen, fyrst må han bli godkjent slik Vesla og to andre besøkshundar er i Vest-Telemark.

– Me har også ein godkjent besøkshund i Kviteseid og ein i Vinje. Til våren vil Røde Kors i Seljord gjerne halde kurs att, og då håpar eg det er mange som melder seg på, seier Skori.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at ein må få ei godkjenning av hunden før ein melder seg på kurset, for det er ikkje alle som eignar seg som besøksven med hund. Skori er sjølv instruktør og har med seg ein annan instruktør når dei møter hundane til vurdering fyrste gong.

– Både to og firbeinte må passe til oppgåva, seier ho.

Skori seier også at ein treng veterinærattest på hunden. Hunden må vere minst to år gamal, og eigaren må ha fylt 18 år, så kan ein gå gjennom fire delar av eit kurs for godkjenning.

– Det er også viktig at me som besøksvener må vere høflege, og fylgje institusjonens reglar. Eg kan ikkje bestemme at eg kjem innom ein fredag klokka 13.00, alt må passe i rutinane dei har på institusjonen, seier Skori og Braaten nikkar samd i at godt samarbeid er viktig.

Besøksvenene: Karianne Firingen Skori har hatt buhund sidan ho var lita. Nå er ho og Vesla (5) godkjent besøksekvipasje gjennom Røde Kors. Her saman med helsefagarbeidar Monica Braaten.
Besøksven med hund

Over heile landet er om lag 600 besøksvener med hundane sine på besøk hos menneske som ynskjer meir sosial kontakt med andre.

Ein besøkshund er roleg, trygg, kontaktsøkande og føreseieleg.

Eigar har god kontakt med hunden og er i stand til å forstå hundens språk.

Ein besøkshund er tilpassingsdyktig og tolerant. Den må tole skarpe lydar og uvande situasjonar.

Forsking viser at nærkontakt med dyr har ei helsemessig positiv effekt på menneske, både fysisk og psykisk. I tillegg til å redusere stress, seinke blodtrykk og motverke depresjon kan nærkontakt med dyr dekke eit menneske sitt behov for varme, kos og omsorg. Det å få besøk av ein hund saman med eigaren sin kan vere kontaktskapande og gje glede i kvardagen til menneske som trenger det.

Kjelde: Røde Kors