Pomba og kalvane: Labradoren Pomba har travle dagar saman med matmor Elisabeth Skarprud, då han vil passe på alle dei nyfødde kalvane som kjem til verda på Moen gard i Kviteseid.

Det er travle dagar for labradoren Pomba, han vaskar mjølkebartar i eitt

Labradoren Pomba (3,5 år) har travle dagar saman med matmor Elisabeth Skarprud, for i fjøset på Moen gard i Kviteseid kjem det stadig kalvar til verda.

Vaske bort mjølkebartar på kalvane, kose, passe på, hjelpe, mate, bere og hente. Med store svarte labbar går den bedagelege, men arbeidsame labradoren rundt i kalvebingen på Moen gard i Kviteseid.

Det er travelt om dagen. 39 kalvar er fødd, og totalt ventar mjølkebonde Karoline Skarprud 92 kalvar denne sommaren. Dei fleste blir fødd nå i juli, nokre i august og dei siste i september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Akkurat denne dagen, ein time før VTB kjem på gardsbesøk har Elisabeth Skarprud tatt i mot tvillingar.

– Pomba stod ivrig logrande klar og venta, han veit godt kva som skjer når me hentar fram trillebåra og tar med dei nyfødde kalvane inn i kalvebingen. Labradoren har vore med på fjøsstell heilt sidan han var kvalp, han likar seg saman med kyr og kalvar, fortel Elisabeth som gjerne hjelper til med gardsarbeid hos storesyster på Moen gard når ho har fri frå jobben på ambulansen.

Ein kvil i halmen: Labradoren Pomba tar ein kvil saman med dei nyfødde tvillingkalvane.

Vaskar og steller

Medan Elisabeth pakkar halm rundt det nyfødde tvillingparet, tar Pomba seg av vaskejobben, noko kalvane ser ut til å like godt. Dei blir raskt ven med den logne retrivaren som deler kjærleik og kos med alle han møter på vegen. Ekstra vask blir det på dei kalvane som får seg mjølk, då blir mjølkebarten raskt retta på av Pomba.

– Det var gromkua mi som fødde desse tvillingane, ho har fått fire kalvar tidlegare. I dag kom desse to store, ein okse- og ein kukalv. Me får ikkje så mange tvillingar kvart år, kanskje mellom eitt til fem par, fortel Skarprud.

Etter mange treningstimar blei Pomba godkjent besøkshund hos Røde Kors i fjor haust, og han har fleire gonger vore på besøk til omsorgssenteret i Kviteseid, mellom anna når Elisabeth har tatt ekstravakt på nettene.

– Me trenar også Pomba til å bli redningshund sommar hos Norske redningshundar, og håpar at me skal bli godkjent i sommar, seier Skarprud før ho og Pomba må gå til nye arbeidsoppgåver på garden.

Under kan du sjå Pomba på oppdrag som besøkshund på omsorgssenteret henta frå TikTok-kontoen til Elisabeth: elisabethandpomba.

@elisabethandpomba #pomba #labrador #doctor ♬ Funny Song - Cavendish Music
Sosiale: Elisabeth Skarprud hjelper med å ta i mot kalvar på garden til storesyster Karoline.