Vannvittig: Mari Årlid (t.h.) og Ida Betten Kleve i Tokke ungdomsråd steller til vannvittig gøy-dag i Lårdal.

«Vannvittig gøy» for unge vest-telar: – Me sluttar med eit smell

Mari Årlid og Ida Betten Kleve har vore med i Tokke ungdomsråd i to år. No gjev dei seg straks, men før det vil dei gje haustens ungdomsskuleelevar ei vannvittig oppleving i Lårdal. – Me sluttar med eit smell, gliser dei.

– Og det blir nok folksamt i Lårdal 19. august, med både vår rusfrie «vannvittig gøy»-dag og motbakkeløpet Lårdal Upp på same tid, legg Ida til.

Det er ein idyllisk kveld på Lårdal Brygge då VTB møter dei to engasjerte jentene. Sola skin og kanalbåten har akkurat segla vidare mot Dalen, men både brygge, strand og friområdet er nesten folketomme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stille før moroa: Det er nok ofte meir livat ved Lårdal brygge enn akkurat denne tysdagen, men 19. august håpar Tokke ungdomsråd at det kjem til å bli veldig folksamt her.

– Det skjer jo ikkje så mykje for ungdom i Lårdal til vanleg. Men det er jo så fint her, særleg om sommaren, og det vil me gjerne vise fram, seier Ida, som sjølv bur rett ovanfor Lårdal brygge.

– Dalen har jo ungdomsklubben og dei rusfrie festane. Så derfor føreslo eg å ha denne dagen i Lårdal.

Gratis = inkluderande

Ungdomsrådet og deira samarbeidspartnarar er førebudde på å ta imot mellom 200 og 250 ungdomsskuleelevar. Dei veit ikkje kor mange som har meldt seg på til no, og er spente på kor mange som kjem.

– Fristen går ut i starten av august, så det er ikkje for seint å bli med, seier jentene, som lovar ein innhaldsrik dag.

– Me vil ha aktivitetar spreidd rundt på brygga, stranda og friområdet, mellom anna skumbasseng, splashfotball, tubekøyring, skumsklie, bruskassetårn, store vassballar og volleyballturnering, fortel Mari.

Leiger inn utstyr: Ein halvslapp volleyball var alt jentene fann å leike med no, men på «vannvittig gøy» dagen vil heile strandområdet bli fylt opp av skumsklier, splashfotball, skumbasseng, tubes, bruskassetårn – og skikkelege volleyballar.

Det vil også bli servert mat og drikke, og det blir premiering av forskjellig slag. Takka vere sponsorar og friviljuge lag som stiller opp er alt gratis, og det meiner jentene er særs viktig.

– Det handlar om inkludering og å hindre utanforskap. Ingen skal kjenne at økonomien hindrar dei i å bli med, seier jentene, som også har oppmoda kommunane om å setje opp gratis buss til arrangementet.

– Me synest kommunane rundt om har vore flinke til å stelle til rusfrie arrangement som samlar ungdom på tvers av kommunegrensene. Det er veldig bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig med vest

Same dag som VTB møter jentene er det FN sin verdsdag for førebygging av drukning.

– Både kommunen si satsing «frå haldning til handling» og Raudekrossen er med på å stelle til dagen saman med oss. Å fremje tryggleik på vatnet er eit viktig mål, seier Mari.

Dette er bra: Mari Årlid blir veldig fornøgd då ho finn eit skap med redningsvestar til utlån på Lårdal brygge. – Dette er eit av tiltaka me har snakka om i ungdomsrådet, så det er godt å sjå at det er på plass.

– Me veit at ikkje alle bruker vest, til dømes, nikkar Ida.

Ho har sjølv ein liten båt, og er oppteken av å bygge gode haldningar tidleg.

– Når ein blir eldre så kan det jo koma situasjonar som skeiar litt ut. Då er det utruleg viktig at dei gode haldningane – og redningsvesten – er på plass.

Begge hugsar drukningsulykka i Fyresdal for fem år sidan, og ikkje minst vassfesten som vart arrangert året etter.

– Eg var med på «vassfest med vett» i Fyresdal og hugsar det godt enno. Det var veldig moro, seier Mari.

– Og eg var akkurat for ung til å bli med. Det var sårt å ikkje vere gamal nok, for det var alt alle snakka om, minnest Ida.

Artikkelen held fram under annonsen.

No vil jentene gje ei slik oppleving til dei som skal gå i ungdomsskulen komande skuleår. Sjølve er dei for gamle til å melde seg på, men dei vil vere med på «vannvittig gøy» som arrangørar.

– Du skal jo ønske velkommen, Ida, ler Mari.

– Jepp, seier Ida.

– Og så sender eg mikrofonen rett vidare til deg.

Dei to har også snakka om moglegheita for å arrangere rusfri fest med konsert på Lårdal brygge.

– Kanskje det kan vere noko å jobbe med for det neste ungdomsrådet? Me får levere frå oss stafettpinnen med ein ide på kjøpet.