Familiedag på Vest-Telemark museum.   Modellbilar frå ei utstilling av David Hauer.
Familiedag på Vest-Telemark museum. Modellbilar frå ei utstilling av David Hauer.

Uvanleg utstilling på museet

Sundag hadde Vest-Telemark museum familiedag, med gudsteneste, slåttegraut, aktivitetar for store og små, modellbilar og bokpresentasjon.

Utstillinga «Fjernstyrte bilar i Noreg 1975–1990» vart fyrst sett opp på Norsk teknisk museum av kurator David Hauer. No har han teke med seg ei litt omarbeidd utgåve til Vest-Telemark museum.

– Det er vesentleg færre fjernstyrte bilar no enn for 20–25 år sidan, og i Vest-Telemark er det nesten ikkje organiserte miljø att, sa Hauer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eit miljø i Fyresdal som køyrer ved flyplassen, og tidlegare var det eit miljø i Kviteseid. Hauer laga utstillinga som eit fritidsprosjekt, og har sjølv gjort alt arbeidet med innsamling av bilar og intervju sjølv.

Formidlingsansvarleg på museet, Tilman Hartenstein, introduserte Hauer og utstillinga med at det er ei ganske uvanleg utstilling på museet, men likevel ein del av historia. Fjernstyrte bilar, gamle og nye, vart presentert i eit lite føredrag Hauer heldt under opninga på familiedagen.

– Dei fleste køyrde i gata

Familiedag på Vest-Telemark museum.
Familiedag på Vest-Telemark museum.

Slik ein hadde linestyrte fly, byrja ein med linestyrte bilar. Dei fyrste radiostyrte bilane kom på 1920-talet, då ein sat i bil som køyrde like bak og styrte med radiosignal. Andre typar fjernstyrte bilar kan vera med opptrekksmotor, strikkmotor, styrt med leidning eller sporstyrt – meir kjent som bilbane.

– Militært utstyr var opphav for mykje slik teknologi på den tida, fortalte Hauer.

Den radiostyrte bilen kom til Noreg i 1975, og hadde sin gullalder i 1980-åra. Hauer fortalte at 20 000 bilar vart selt i Noreg kvart år i den perioden.

– Dei fleste køyrde i gata og på løkka, men mange deltok òg i konkurransar. Ein måtte innføra deltakaravgrensing i noregsmeisterskapen, for det var så stor interesse, fortalte Hauer.

Han meiner teknikken var noko av årsaka til den store suksessen, for bilane la opp til at folk kunne fiksa og mekka ein del på dei sjølve. Det førte til stor deleindustri.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rallykøyrar Petter Solberg og bror hans Henning var veldig interesserte i fjernstyrte bilar i ungdommen, fortel Hauer.

Det finst store miljø for slike bilar på internett, som fungerer nesten som virtuelle museum. Eitt av dei inneheld 84 000 bilar. Nordic Vintage Challenge er den største konkurransen i Noreg og Sverige, men over heile verda driv folk med fjernstyrte bilar.

– Det er som kva som helst annan sport, ein må øva for å verta god. Dei beste øver mange timar i veka, nett som toppidrettsutøvarar, seier Hauer.

For store og små

Fleire andre aktivitetar stod på planen sundag, og ein kunne både skyta med pil og boge, ri i hestevogn eller eta slåttegraut. Bjørn Fauske Lysdahl og Ole Johan Endresen spelte musikk på tunet.

Arkeologiprofessor Arne Emil Christensen presenterte si ferske bok, «Tvislir og ringlebelte» med eit kåseri. Boka hans er delvis basert på knivsamlinga til Vest-Telemark museum.