Slåttenerd: Mattis Kleppen har brukt mykje tid på å overføre slåttar frå Telemark til bassgitaren sin. Saman med Ottar Kåsa og Kenneth Kapstad har han trioen «Resjemheia», oppkalla etter vegen mellom hardingfelebygda Bø og bluesbyen Notodden.

Telespringar i trioformat, med utsikt over Flatdal

– Me håpar prosjektet resulterer i ein permanent kulturtilbod, seier leiar Inger Kristin Haugsevje om Nutheim Kunstsenter som blant anna arrangerer konsertar. Laurdag kveld kunne ein oppleve trioen «Resjemheia», som har fordjupa seg i slåttemusikk frå Telemark og Setesdal.

For dei som ikkje svinga seg til danseband på Dyrskuplassen var det fleire mogelegheiter til musikk og dans i Seljord kommune i helga. Nutheim Kunstsenter sin utekonsert laurdag fekk god respons frå publikum, som var ei blanding av lokale, hotellgjester og kunstnarar.

Vakre omgjevnadar: Flatdal viste seg frå si beste side under utekonserten på Nutheim laurdag.

Folkemusikk og framdrift

Nutheim Kunstsenter, eit samarbeidsprosjekt mellom Grøstadatelieret og Nutheim Gjestgiveri, arrangerer kurs, seminar, utstillingar og konsertar. Kulturrådet løyvde 400 000 kroner til prosjektet i 2022. Kunstnar Ånond Versto er leiar for atelieret og pådrivar for konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje slik at alle konsertane må vere folkemusikk, men sidan det er der eg kjenner flest blir det fort dei som er enklast å spørje, seier Versto som sjølv spelar hardingfele.

Nutheim har ein lang tradisjon med å arrangere folkemusikk-konsertar med til dømes årlege framføringar av Draumkvedet. Sjølv om tradisjon er viktig ynskjer ikkje prosjektleiar Inger Kristin Haugsevje å avgrense til ein spesiell sjanger.

– Det er viktig å vite kvar ein er og kvar ein kjem frå, men me ynskjer ei utvikling og er ikkje redde for å eksperimentere, sa Haugsevje.

Etter konserten reiste publikum seg i applaus og det blei både ekstranummer og ekstra bestillingar i baren.

– Eg er kjempefornøgd, og kvelden er enno ung, sa Ånond Versto etter konserten.

Ynskjer permanent tilbod: Nutheim Kunstsenter er eit prosjekt med tilskot frå Kulturrådet. Ånond Versto og Inger Kristin Haugsevje håpar det kan bli eit permanent tilbod.

Utforskar hardingfeleslåttane

Mattis Kleppen frå Bø er halvt flatdøl og har arbeidd med å overføre slåttemusikk til bassgitar i ei årrekke. Til tingingsverket til Telemarksfestivalen i 2015 fekk Kleppen med seg Ottar Kåsa frå Arabygdi på hardingfele, og saman med trommeslagar Kenneth Kapstad har dei vore ein fast trio sidan. Under konserten fekk publikum til dømes høyre springarar etter Håvard Gibøen (1809-1873) og Eivind Groven (1901-1977). Utover i konserten tok fleire i publikum til å danse.

– Eg har aldri dansa til Resjemheia før, og det var utruleg moro, sa Helge Sigurd Amdal Telnes frå Seljord, som rykka opp til A-klassing i folkedans på årets Landskappleik.

Nye utfordringar: I Resjemheia får meisterspelemannen frå Arabygdi prøve seg på improvisasjon i samspel og afrikanskinspirert musikk.
Allsidig: Dyktige musikarar må til for å henge med hardingfeleslåttane. Kenneth Kapstad er ein ettertrakta trommeslagar som speler med alt frå visesongaren Stein Torleif Bjella til metalbandet God Seed.
Les også
Gode prestasjonar på landskappleiken. – Dette er som joleftan, 17. mai og Dyrsku’n på ein gong
Les også
Ånond og Hans har streifa langs Sogevegen. Det har det blitt både bok og kunstutstilling av