Synne Sanden har aldri vore så nervøs for å gje ut eit album som ho er no. – Det er skummelt å skulle fortelje folk om desse kjenslene. Men det er også frigjerande, seier ho.
Synne Sanden har aldri vore så nervøs for å gje ut eit album som ho er no. – Det er skummelt å skulle fortelje folk om desse kjenslene. Men det er også frigjerande, seier ho.

Synne er meir personleg enn nokon gong

Synne Sanden (28) spelar i desse dagar konsertar med smakebitar frå det nye albumet sitt. Det kjem ut neste år, og er ifølgje ho sjølv det mest personlege ho har laga.

– Me har ikkje sett dato enno, og eg får ikkje lov til å avsløre noko, for alt er ikkje hundre prosent sett. Men det kjem neste år. Det tek alltid lenger tid enn ein trur med slike prosessar. Men tid er viktig, og eg ser no at det har vore gunstig for albumet, seier Synne Sanden med eit stort smil.

Treungen-jenta gjer ferdig albumet for tida. Eit akustisk album med indierock-preg. I Oslo, som har vore hennar heim i mange år, har ho vore gjennom ein tøff periode. I og på veg ut av den har ho skrive nye låtar, med tekstar ho håpar kan hjelpe folk i same situasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me møtest i kantina på Universitetsbiblioteket ein fredag. Ho har akkurat spela denne vekas fredagskonsert i aulaen, ein lang og sterk tradisjon på Blindern. Saman med si gode dansar-venninne Ida Haugen trollbatt ho publikumet med nye låtar. I introduksjonen heiter det at Synne har skrive nye låtar på veg ut av ein depresjon.

Ei kvinne som sat nesten heilt fremst under konserten kjem bort til dei etter at dei er ferdige, og gjer ei tilbedande beveging.

– Dette er noko av det finaste eg har opplevd. Vakker song og musikk saman med heilt fantastisk dansing. Eg synest det er så fælt at du er så trist når du er så ung, vakker og talentfull, seier ho.

Eit vegskilje

Synne har vore mykje trist i livet. Men no er ting betre.

– Eg har mange ulike metodar for å kome meg ut av vonde tankar, men å skrive musikk er hovudterapien min. Det som skil dette albumet mest frå mine tidlegare album, er at eg skriv om skambelagt tematikk. Det var ikkje planen, det berre kom fordi eg hadde det vondt. Plutseleg pressa alle tekstane seg ut. Det føltes rett og viktig for meg å skrive dei, seier Synne.

Denne forma for skriving vil ho nytte seg av på framtidige album òg. Det er det tydelegaste kunstnariske vegskiljet ho har teke før dette albumet.

– I tillegg så er dette mykje meir visuelt. Eg samarbeider med dansarar og ein designer som har laga kostyme til musikkvideoane. Eg brukar det visuelle for å underbygge innhaldet.

Det fyrste albumet Synne gav ut handla om at ho mista mor si. Depresjonen som er bakteppet for det nye albumet trur ikkje Synne at har med mamma å gjera. Ho fortel at ho følte mykje på mindreverd og utilstrekkelegheit, både som person og musikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er typisk for ein depresjon, at det berre kjem frå ingenting. Det var ikkje ein sorgprosess, slik eg hadde då mamma døydde, dette var meir ei form for tungsinn. Og eg skreiv meg ut av det. Det hjelpte meg veldig.

Djupare og meir personleg

For Synne var det godt å skrive om skambelagt tematikk. Dei tinga mange føler at dei ikkje har heilt lov til å snakke om.

– Det merka eg inni meg. Det var så mykje skam på toppen av desse kjenslene eg hadde. Det er skamfullt å føle seg mindreverdig og misunneleg, som eigentleg er veldig menneskelege kjensler. Eg meiner ikkje å snakke om det på ein romantisk måte – for det er ikkje noko romantisk over det – men eg vil portrettere det på ein ærleg måte. Når eg har tort å snakke om det så har det endra seg gradvis. For min del har det ikkje vore ein måte å dyrke det på, men ein måte å få det ut av systemet, seier ho.

Ho seier at ho er meir fornøgd med dette albumet enn med dei to førre. Det er djupare og meir personleg.

– Eg har vore med på heile prosessen her, som produsent og som låtskrivar. På dei to førre albuma har det vore to-tre låtar der eg skreiv saman med andre. Eg fann ut at eg måtte skrive alt sjølv. Det må vera berre mitt for at det skal vera mest mogleg autentisk og nært.

Ho er veldig glad for at openheita rundt psykisk helse har auka så mykje som den har dei siste åra.

– Tenk viss det eg skriv kunne hjelpe nokon som har det slik eg hadde det. Det hadde vore heilt fantastisk. Ein ting er at eg skriv det for min eigen del, men eg har sjølvsagt òg ein draum om at eg kan hjelpe andre berre ved å vise at dei ikkje er aleine. Berre ein får vite at det er éin annan person som føler det slik du gjer, så kan det gjera ein forskjell.