Mykje skal klaffe: David Genius er produksjonsmanager på årets Countryfestival.

Stort apparat bak scena på Countryfestivalen

Over 200 personar er involvert i arbeidet med å levere konsertopplevingane på Countryfestivalen i Seljord. – Det er eit stort apparat, og mykje logistikk, seier produksjonsansvarleg David Genius.

Det er mykje arbeid som ligg bak ei god konsertoppleving. Torsdag var teknikarar og scenearbeidarar i full sving med å gjere klar den største scena på Countryfestivalen. Produksjonsansvarleg David Genius synest Fjoset på Dyrskuplassen fungerer godt som konsertarena.

– Med tanke på sjangeren er det også moro å ha denne ramma rundt konserten med dyr og bygdeliv, seier Genius.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein industri i endring

Det er fyrste gong David Genuis har ansvar for produksjonen, men han har mange år bak seg i Countrybransjen. Han har stemmerett i den internasjonale organisasjonen CMA (Country Music Assosiation), og opplevde festivalen i Seljord for fyrste gong saman med Brad Paisley i 2017.

– Mesteparten av arbeidet mitt skjer i forkant av festivalen. Det er mykje logistikk med frakt av store mengder utstyr og organisering av mange ulike menneske, seier Genius.

Sjefen hans Kjell Ove Torkildsen har hatt ansvaret for programmet på Countryfestivalen i over 20 år, og fortel om ein musikkindustri som endrar seg rakst i takt med resten av samfunnet. Han synest det er trist at det også i country-sjangeren blir meir og meir bruk av ferdig innspelt musikk på live konsertar.

– Det er diverre slik med all musikk med kommersielt potensial. Medan det før var interesserte som kjøpte plater, er musikken i dag lett tilgjengeleg. Det blir eit mål å nå ut til alle, seier Torkildsen som likevel synest musikkmiljøet i Noreg er variert og spanande.

– Høyrer de også på countrymusikk utanfor jobb?

– Ja stort sett, elles går det i ein del jazz for meg, seier Genius som også speler trommer.

– Tja, det bør eg nesten ikkje svare på, smiler Torkildsen.

Stor produksjon: Produksjonsansvarleg David Genius og programansvarleg Kjell Ove Torkildsen skipar konsertane på Countryfestivalen med hjelp av over 200 medarbeidarar.