– Å skrive om norsk familieliv er omdreiingspunktet i forfattarskapen min, seier Helga Flatland – aktuell med romanen «Et liv forbi». Foto: Agnete Brun

Steile mødrer og lettkrenka døtrer: Helga Flatland tek norsk røyndom på kornet igjen

Helga Flatland kan skrive pageturnarar om spenning rundt middagsbordet og om unge vaksne som ser foreldra med nytt, kritisk blikk.

Familielivet er igjen under lupa til forfattaren som i haust er aktuell med romanen «Et liv forbi».

– Det å spegle norsk røyndom er eit prosjekt for meg, men eg skriv jo fiksjon, anten eg rører ved distriktspolitikk, krigføring i Afghanistan eller familieproblem, seier forfattaren til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den ferske romanen hennar møter vi ei ung kvinne og fastlege, Sigrid, som ikkje heilt kan sleppe barndommen. Tok mora seg godt nok av henne, eller hamna ho og broren heilt i skuggen av den sjuke og pleietrengande faren sin? Mora Anne står på at ho gjorde sitt beste.

– Sigrid vart ikkje ekstremt forsømd, men ho føler likevel at ho vart svikta og nedprioritert.

I boka les vi at Anne var ein småbarnsmor som ikkje alltid hugsa skidagar eller putta støvlar på barna når det regna.

– Og sjølv om mora hennar har innvendingar mot framstillinga, kan ho uansett ikkje nekte for Sigrids kjensler, seier forfattaren.

Vil ha ei unnskyldning

For Sigrid blir det ei besetting. Ho vil at mora skal innsjå at ho svikta og be om unnskyldning. Men er Sigrid litt vel hårsår? Tilhøyrar ho ein lettkrenka generasjon?

– Anne har si eiga oppleving av Sigrids oppvekst, og finn Sigrids krav delvis urimeleg. Slik er det jo, vi hugsar og oppfattar ulikt, og må prøve å nærme oss kvarandre med dei føresetnadene vi har. Utan at det alltid lykkast. For Sigrid handlar det òg om å klare å lausrive seg frå det barnlege blikket ho har på foreldra sine, sjølv om ho no er vaksen.

For Flatland startar ikkje ein roman med ein spesifikk idé. Det er snarare nokre spørsmål ho har som triggar romanstoffet.

– Eg er no i ein alder der foreldregenerasjonen min byrjar å bli gamle, og samtidig er min eigen generasjon skildra som vegrande mot å bli vaksne. For meg har det vore interessant å utforske korleis familierelasjonar blir påverka av dette, seier ho om noko av tankeprosessen bak romanen. Og forklarer at ho har skrive ein roman om omsorgsroller som blir snudde. For når Anne får diagnosen kreft med spreiing, blir det reist mange spørsmål, både for henne og dei vaksne barna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Anne vil etter kvart ikkje ha behandling, og ønskjer mest av alt berre å få sleppe. Men det ønsket reiser nye spørsmål: Står ho fritt til å velje døden sjølv, eller har ho forpliktingar til dei rundt seg som er tungtvegande i denne avgjerda? Kva forpliktingar har ein til å halde ut når ein er ein del av ein familie, eit samfunn?

Legetrend

Den nye situasjonen, der døden kjem nærare, gjer noko med mor- og dotterforholdet.

– Alt blir litt køyrt opp på storskjerm, og det blir påtrengande for dei begge å komme til ei slags forsoning.

Forfattaren ser at ho har skrive seg inn i ein nyare romantrend: Å skrive om ein fastlege. Denne øvinga har Nina Lykke gjort før henne, og denne hausten slepper òg Helene Uri laus ein karakter i legefrakk.

– Eg har vakse opp med ei mor som er lege, og no har eg òg ei søster som har vorte lege. Litterært er det interessant fordi dei sjølvsagt får eit unikt innblikk i livet til menneske, og i «Et liv forbi» er Sigrids legerolle viktig fordi ho speglar sjukdomstematikken – og fordi ho i møte med sjukdommen til si eiga mor ufrivillig vekslar mellom å reagere som lege – og dotter.

Helga Flatland

* Helga Flatland er frå Telemark, er busett i Oslo og har bachelorgrad i Nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo.

* Ho har òg ei treårig utdanning på tekstforfattarlinja på Westerdals School of Communication bak seg.

* Flatland debuterte med romanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må» (2010), som fekk svært gode kritikkar og sørgde for Tarjei Vesaas' debutantpris, Ungdommens kritikarpris, Aschehougs debutantstipend og nominasjon til romanprisen for P2-lyttarane.

* Ho følgde opp med «Alle vil hjem. Ingen vil tilbake» (2011). «Det finnes ingen helhet» (2013) avsluttar trilogien.

* Forfattaren vart tildelt Bokhandlerprisen i 2017 for romanen «En moderne familie» (2017) og er i haust aktuell med ny roman, «Et liv forbi».

(©NPK)

– Ei konflikt mellom mor og dotter står sentralt i Helga Flatlands nye roman. – Ansvar, forplikting og tilknyting er stikkord, seier forfattaren sjølv om tematikken. Foto: Vidar Ruud / NTB
Helga Flatland slepper i haust den sjette romanen sin, «Et liv forbi». Her skriv ho seg rett inn i ein kvardag og ein røyndom som mange vil kjenne seg igjen i. Foto: Vidar Ruud / NTB
Opprørande og attkjenneleg: Ferske «Et liv forbi» av Helga Flatland stiller blant anna spørsmål rundt liv og død. Foto: Aschehoug