Botolv Helleland (t.v.) og Thor Wraa i Kviteseid i 2003.
Botolv Helleland (t.v.) og Thor Wraa i Kviteseid i 2003.

Stadnamnmisjonæren kjem til Kviteseid

Botolv Helleland inviterer til ein namnetung kveld i Kviteseid. Der lærer han bort metodar for å samle inn stadnamn – før det er for seint.

I kveld kjem Botolv Helleland til Waldenstrøm kafé i Kviteseid for å snakke om stadnamn i Kviteseid. Den velkjente namnegranskaren og –konsulenten skal ta for seg stadnamna som kultur- og språkarv, og verdien av å samle dei inn medan me framleis har høve. Arrangementet er ein del av det store stadnamnprosjektet i Kviteseid.

Les også:Har du besøkt Fuballan, Helvete eller Faen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis aktiv

I 2003 intervjua VTB Botolv Helleland og Thor Wraa, mannen bak den grundige innsamlinga i Kviteseid. Den gongen kalla Helleland det Wraa hadde gjort «eit storvegs arbeid».

– Takka vera Wraa ligg Kviteseid veldig godt an samanlikna med andre kommunar i Telemark. Men, det har også vore ei stor lokal innsamling i Fyresdal og i Vinje, særleg i Rauland, seier den no pensjonerte namnegranskaren, som har vigd eit heilt liv til namn.

Framleis er han aktiv på Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) på Universitet i Oslo, samt som namnekonsulent i Språkrådet, ei stilling han har hatt i 30 år.

– Eg har halde mange kurs om namnegransking opp gjennom åra. Mi oppgåve er å lære bort metodar for innsamling og kvifor det er viktig. Og så blir det sjølvsagt snakk om nokre av dei rare namna, seier Helleland med ein liten latter.

Glad i snodige ord

– Har du nokre favorittar i Kviteseid?

– Eg er glad i dei snodige orda som på sin måte fortel noko om naturen der staden ligg. Til dømes Nivelkinn, Hurrong, Hovund og Brakandalen. I den sistnemnte er der kanskje ein foss som bråkar. Hurrong har også noko med lyd å gjera. Hovund er kanskje meir ein slags terrengformasjon som reiser seg opp i ei høgd, forklarar Helleland.

– Det er interessant med desse kvardagslege namna som fortel noko om alt frå arbeidet heime på garden til fehald og støling. Eg er sjølv frå Hardanger, så eg samanliknar ofte med namn der. Til dømes fjellet Oksen, som ein kan samanlikne med Vommeskinn i Kviteseid. Det er snodige ting som er nedlagt i metaforar og i namngjevinga. Folk finn likskapar med noko som finst frå før av. Fjellsida Systran i Kviteseid er eit anna døme.

Vil stimulere

Helleland håpar å nå ut til så mange som råd. Det trengst fleire forvaltarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt no er det mange av dei gode forvaltarane som er borte, seier han.

Han fortel at han prøver å stimulere historielag og enkeltpersonar til å ta opp innhentinga.

– Eg kjenner meg som ein stadnamnmisjonær. Eg prøvar stadig å omvende folk, men det er ikkje alltid dei treng omvendast. Då treng dei kanskje berre eit lite dytt for å kome i gang i staden.