Bekkejuvet Helvete og grensesteinen Faen ligg i nærleiken av kvarandre i Morgedal.
Bekkejuvet Helvete og grensesteinen Faen ligg i nærleiken av kvarandre i Morgedal.

Har du besøkt Fuballan, Helvete eller Faen?

I stadnamnsamlinga til kviteseidingen Thor H. Wraa frå 80-talet finn ein namn på det meste av gardar, plassar, hus, jorde, myrer, toppar og bekkar i kommunen. I desse dagar jobbar Vest-Telemark museum og historielaget i Kviteseid hardt med å digitalisere dei nesten 10 000 namna, slik at alle som vil kan inn og kikke.

Sola er på veg ned bak fjella i Kviteseid tysdag ettermiddag. Det er iskaldt, frosten har breidd seg over bygda og ljoset er heilt blått. I andre etasje på biblioteket er ljoset varmt. Der jobbast det for fullt. På den store skjermen over arbeidsbordet ser ein flyfoto og kartverk. På bordet ligg det store utskrifter av kart, systematiserte permar og haugevis med lister. Stein Larsen og Sverre Bakken i Kviteseid historielag studerer dei nøye. I dag jobbar dei med eit område av Morgedal. 9361 stadnamn samla saman av Thor Wraa er på veg ut på verdsveven.

Kvar måndag sit dei der. Denne veka sat dei der på tysdag òg. For det er mykje arbeid, dette her, og dei følte seg ikkje ferdige måndag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vanlegvis er me her berre på måndagar, og så jobbar me kvar for oss heime elles i veka, seier Sverre.

– Etter at me har vore innom Waldenstrøm og fått oss ein kaffi så ruslar me opp hit og jobbar. Då kan folk kome innom for å sjå eller for å hjelpe oss.  Det blir litt diskusjon nokre gonger. Folk har høyrt og lært ulike ting, veit du, ler Stein.

På sytti- og åttitalet gjorde Thor Wraa eit særs omfattande og grundig arbeid med å samle saman stadnamn i heile Kviteseid kommune. I orienteringa han sjølv har skrive om kvifor han gjorde det, heiter det:

Thor H. Wraa.
Thor H. Wraa.
Stein Larsen (t.v.) og Sverre Bakken i Kviteseid historielag jobbar med registrering av stadnamna Thor H. Wraa samla saman på sytti- og åttitalet.
Stein Larsen (t.v.) og Sverre Bakken i Kviteseid historielag jobbar med registrering av stadnamna Thor H. Wraa samla saman på sytti- og åttitalet.
Slik såg listene Wraa laga ut.
Slik såg listene Wraa laga ut.
To haugar på jordet på Gotuholt har fått det passande namnet Fuballan.
To haugar på jordet på Gotuholt har fått det passande namnet Fuballan.

«Når eg i 1970-åri på årsmøti i Kviteseid Skogeigarlag, tok upp dette om innsamling av stadnamn, so var grunnen at stadig fleir namn fall ut i den praktiske drifti av eigedoman, å yverføring fråd ei eldre til dei yngre vart stadig dårlegar. Derfor blei faren for at dei skulle havne i gløymeboki større for kvar tid.»

Sat på kommunehuset

I starten skulle Thor Wraa ha med seg Erling Øygarden og Gunnar Solli i arbeidet, men det blei lite av det, skriv han.

«So blei det til at underteikna skulle prøve aleine. Det store problemet var kva ein skulle merke av staden på, å det enda med at eg starta upp med uppforstørra Geografisk Kartverks kartblad, men fann snart ut at det var ubrukeleg. Så fekk eg bruka flyfoto av skobruksledar John Flatland og herredskogmestar Hallvard Dalen, å desse laga eg eit bokstavsystem rundt, so då kunne eg merke av staden på dei. Seinare fekk eg nye flyfoto av skogeigarlaget, å då gjekk eg yver til å bruke sentimeter systemet, og måtte au då skrive nye namnelistur».

Han kontakta kvar einaste eigar av jord og skog. Naboar og andre som var kjente i områda. Det største problemet han trefte på var at han ikkje korkje køyrde bil eller sykla, så det var vanskeleg å kome seg rundt. Han tok litt buss og sat på med folk, men etter kvart fekk han lov til å jobbe frå kommunehuset.

«Det var ein stad alle og einkvar før eller seinar kom innom», skriv han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Listene er utforma som ein tabell, som består av gardsnamn og –nummer, namn på informant (eller kjentmann/menn, som Thor kalla dei), koordinatar, namn på stad, «uttalen av namnet» og «kva namnet refererer seg til».

«Utanom namni so er det au registrera hustufter av ymse slag, kvennar, badstogur, smiur, vasskjeldur, steindammar i åin m.m.», skriv Thor.

Informantar var det ikkje vanskeleg å finne på den tida.

– Før så var det informantar på kvar gard, veit du, seier Sverre.

Møysommeleg, men moro

I fjor haust fekk Vest-Telemark museum og Kviteseid historielag prosjektmidlar til stadnamnprosjektet av Språkrådet. Dei har nemleg ei tilskotsordning til registrering av stadnamn.

– Det er eit veldig grundig system Thor har laga seg. Det har mange detaljar å gå gjennom, seier Stein.

Dei to historieinteresserte karane starta på arbeidet saman med Per Ormestøyl, prosjektleiar ved Vest-Telemark museum, tidleg i år. Dei fortel at det gjekk litt seint i starten, men at dei fekk god opplæring i korleis programvara fungerer og korleis det heile skal gjennomførast.

Der Tor bruka flyfoto og eige målesystem for å kome fram til koordinatane sine, brukar Stein, Sverre og Per norgeskartet og eit rekneark som gjer om milli- og centimetarane til Tor til lengde- og breiddegradar. Det er møysommeleg arbeid. Koordinatane til Tor er ikkje alltid heilt rett plasserte, og dei må etterprøvast med lupe på kartet. Men dei lærer mykje kulturhistorie, noko dei set stor pris på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er så mykje historie i desse listene til Tor. Han har ikkje berre med namn på stad og korleis ein uttalar det på dialekt, men også eit avsnitt eller to om kva staden er og kvifor den heiter det den gjer, seier Sverre. 

– Ein må kunne mykje dialekt og ordrøter for å forstå alt, legg Stein til.

Etter så mykje registrering, har dei kome over både eitt og anna namn som har festa seg litt ekstra.

– Min favoritt er to haugar på jordet på Gotuholt. Dei heiter Fuballan, seier Sverre med eit stort smil.

– Eg likar godt Vombar-Aaker på Tveit Vestre. Om den så står det: «Ifylgje mytiske sagn, av M. B. Landstad, skal denne åkeren vera prestevigd for å fordrive tussan», ler Stein.

Og eit par overraskingar.

– Eg var så imponert over at det var så mange badstoger på desse gardane før i tida, seier Stein.

– Men så viste det seg at badstoge den gong ikkje akkurat var ein sauna. Det var eit lite hus dei bruka til å tørke korn før det skulle bli male opp, seier Sverre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein gjeng med amatørar

Tysdag var 3773 av totalt 9361 stadnamn plasserte på det digitale kartet. Det har teke nesten eitt år. Stadnamna er ikkje å finne på det spesiallaga kartet heilt enno, då dei må kvalitetssikrast ein siste gong, men dei håpar å kunne få ut fyrste bolk så fort som råd.

– Det er jo ikkje slik at alt må vera heilt ferdig før me får det ut, seier Sverre.

– Nei, då, seier Stein.

Dei er einige om at det er mykje arbeid og mykje moro.

– Me er jo berre ein gjeng med amatørar som driv med dette her. Me har jakt, sommarferie og jolefeiring å tenke på. Det er vanskeleg å seie akkurat når dette blir ferdig, seier Stein.

Dei håpar at stadnamna kan vera til interesse for alle og ein kvar. Når det gjeld å få folk til å bruke dei, så forstår dei at det kan bli vanskeleg. Likevel lever dei i trua.

– Tidlegare så var det til dømes slik at elgjegerane alltid opererte etter detaljerte stadnamn. I dag er det andre metodar. Slik som «me er ved den myra der det blei skote elg i fjor», seier Stein.

– Det blir nok ei utfordring å endre det. Men det får me ta lenger nede i vegen, seier Sverre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer fleire informantar – og ei utviding

Prosjektleiar Per Ormestøyl rosar Stein og Sverre for arbeidet dei legg ned i å registrere namna digitalt.

Sjølv sit Ormestøyl heime i Oslo og jobbar med det same kvar dag. Han er einig i at det er møysommeleg arbeid, men han håpar at folk ser verdien i å dokumentere stadnamna. Og så er det underhaldande, då. Han er veldig glad i stadnamnet Fuballen på garden Gjelstad i Åsgrend. Det er ein «haug i jordet», ikkje heilt ulik Sverre sin favoritt på Gotuholt.

– Eg er så barnsleg, veit du, ler han.

Andre favorittar er Helvete, eit bekkejuv som høyrer til garden Kleiv i Bjålandsgrend i Morgedal, og den «mannshøge delesteinen» Faen, som ligg like ved.

– Før var det viktig å ha eit namn på alle krikar og krokar av ein gard, med tanke på slått og anna arbeid, fortel Per.

Det har forsvunne litt no, men han håpar folk ser viktigheita av å samle saman denne informasjonen før det er for seint. Difor skal alt gjerast tilgjengeleg no.

– Det gamle namnegranskingsinstituttet på Blindern utvikla programmet me brukar for å registrere alt digitalt, fortel Per.

Sjølv om arbeidet Thor Wraa gjorde i si tid er særs grundig utført, er det nokre stadar i kommunen det manglar informasjon. Ormestøyl ønskjer difor å kome i kontakt med nye informantar som har noko å dele frå heimplassane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det me søkte om i fjor er ei årleg tilskotsordning, så me håpar å kunne gjere dette i fleire delar av Vest-Telemark òg. Viss nokon er interesserte i å bidra med informasjon i andre kommunar vil me gjerne ha dei med, seier prosjektleiaren.