Sølvgut: Christoffer G. Fallet (23) frå Flatdal har saman med resten av juniorkokkelandslaget imponert i OL i Stuttgart. Onsdag tok dei sølv.

Sølv til Christoffer og juniorkokkelandslaget

Det norske juniorkokkelandslaget har imponert i OL som blir arrangert i Stuttgart i Tyskland i desse dagar. Onsdag tok dei samanlagt sylv.

Og med på laget har dei flatdølen, 23 år gamle Christoffer G. Fallet.

Både juniorane og seniorane har imponert under kokke-OL, og onsdag fekk begge lag gullmedalje i kategorien «Chefs table». Dermed har Noreg tatt gull i alle kategoriar under OL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt seinare på onsdag vart det klart at juniorlaget fekk sylv samanlagt.

Imponerte: Desse er med på Juniorkokkelandslaget: Gunnar Hvarnes (manager), Christer Rødseth (kaptein), Håvard Onsøyen, Martine Espeland, Andreas Enger Fjellheim, Christoffer G. Fallet, Nora Krogstad, Trym Karlsen, Rohollah Murshakhi, Torje Torvik og Lea Friis Henriksen. (namna er i tilfeldig rekkefylgje)

Gull måndag og onsdag

Måndag fekk både juniorane og seniorane kva sine gull i varmmat-kategorien «Hot kitchen – Restaurant of nations.» Onsdag vart det på nytt gull til begge lag i kategorien «Chefs table».

Ifølge Norske Kokkers Landsforening er gullmedaljane ein valør som seier noko om nivået det norske laget presenterer på. Med gull har Noreg fått mellom 90 og 100 poeng (100 er maks).

I «Chefs table» hadde juniorane fem serveringar: fingermat (to kalde og to varme), kaldt festmat med to fisketerriner og tilbehøyr, vegansk varm mellomrett, hovudrett og dessert.

– På menyen sto råvarer som kongekrabbe, kyllingvinger, røkt aure, østers, piggvar, entrecôte og høgrygg av norsk ungfe, norske rotgrønsaker og ein dessert med smaker av solbær, hasselnøtt og ei varm kake med karamell, havsalt og hasselnøtt, melder landsforeininga i ei pressemelding.

I tillegg til flatdølen Christoffer G. Fallet, er Gunnar Hvarnes (manager), Christer Rødseth (kaptein), Håvard Onsøyen, Martine Espeland, Andreas Enger Fjellheim, Nora Krogstad, Trym Karlsen, Rohollah Murshakhi, Torje Torvik og Lea Friis Henriksen med på det norske juniorkokkelandslaget.