Konsentrert: Christoffer Greiner Fallet i aksjon i kokke-OL i Stuttgart.

Christoffer (23) frå Flatdal er med i kokke-OL

Flatdølen Christoffer Greiner Fallet og det norske juniorkokkelandslaget imponerer i OL i Stuttgart.

Måndag gjennomførte det norske senior- og juniorlandslaget «Hot kitchen – Restaurant of nations» (varmmat) som er ein trerettars middag for høvesvis 110 og 70 gjester. Både senior- og juniorlandslaget blei heidra med gull. Blant juniorane er det to andre landslag som også tok imot gull måndag.

– Dette er heilt fantastisk, seier Christer Rødseth, kapteinen på juniorlandslaget til Norske kokkers landsforenings heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også seniorane blei tildelt gull, saman med tre andre landslag.

Alle laga kan få maksimalt 100 poeng for kvar delkonkurranse og blir tildelt anten diplom, bronse, sølv eller gull – avhengig av kor mange poeng dei får. Gull betyr mellom 90 og 100 poeng.

Endeleg vinnar av OL blir avgjort ut frå poeng samanlagt. Dette blir offentleggjort onsdag.

I dag skal seniorane og juniorane ut i ny delkonkurranse; Chef’s Table.