Upåklageleg stemning: Det var store smil både på scena og i publikum då Ole Ivars heldt konsert på Seljordfestivalen for siste gong.

Sol, swing og upåklageleg stemning då Ole Ivars gjekk på scena for siste gong

Med draumevêr og dansebandmusikk frå øvste hylle var det berre god stemning å melde frå konsertfredagen på Seljordfestivalen. Det folkekjære dansebandet Ole Ivars sin avskjedskonsert «Den siste dansen» var eit høgdepunkt.

Det feststemte publikumet kunne svinge seg i sola på det nyleg utvida dansegolvet framfor Caféscena på Dyrskuplassen fredag. Seljordfestivalen stiller med eit sterkt konsertprogram med både favorittane Ole Ivars og Ingemars same kveld.

– Ta vel imot heile Noregs Ole Ivars!

– Det er vel trygt å seie at dei som står bak oss her er levande legender. Ta vel imot heile Noregs Ole Ivars, sa musikarane Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøen som introduserte bandet for eit danseklart publikum i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det folkekjære dansebandet er denne sommaren på avskjedsturné med konserten dei har kalla «Den siste dansen» – ein og ein halv time med nokre av bandet sine mange klassikarar. Sidan Ole Ivars starta opp i 1964 har dei selt over ein million plater og spelt til dans alle tenkelege stader her i landet. Publikumet song og dansa om kvarandre i strålande sol, og bandet såg også ut til å kose seg på scena.

Trygg bak tangentane: Ole Ødegård (77) starta bandet Ole Ivars i 1964.
Bles liv i låtane: Arne Willy Foss (77) er den andre frå originalbesetninga og speler saksofonar, klarinett og fløyte.
Bandleiar og hitmakar: Sidan han starta som bassist og vokalist i 1983 har William Kristoffersen (71) skrive nærmare 300 låter til Ole Ivars, inkludert dei største hitsa.
Dyktige musikarar: Det er ingen tvil om at Ole Ivars består av dyktige musikarar. Bjørn Elvestad (69) speler både fele, trekkspel, keyboard og korar i tillegg til gitaren.
Teknisk trommis: Morten Nyhus (67) er både trommeslagar og plateprodusent i Ole Ivars.
Stor rolle: Espen Hagen Olsen (37) er det nyaste tilskotet i Ole Ivars, og gjorde ein god jobb som hovudvokalist og gitarist.

– Herleg dag å vera på jobb

Trekkspelar Odd Arne Sørensen er godt kjent med Seljordfestivalen, blant anna som medlem av dansebandet Ingemars som spelte sist fredagskvelden.

– Det er fantastisk vêr og god stemning, ingenting å klage på, seier ein fornøgd Sørensen.

Han spelte også tidlegare på dagen saman med gitarist og bassist Hans Olav Trøen ein hyllestkonsert for Freddy Kristoffersen som gjekk bort i 2006. Duoen har i tillegg til konsertane ansvar for å leie aktiviteten «musikk og moro i Slagerteltet» kvar dag på festivalen.

– Her er det artistar frå øvste hylle. Rett og slett ein herleg dag å vera på jobb, smiler Trøen.

Herleg dag på jobb: Musikarane Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøen speler fleire gonger denne festivalen.

– Vi trivst her!

Med ny låt og nye matchande klede var den svenske gruppa Larz Kristerz i toppform under konserten sin på Caféscena fredag ettermiddag.

Norgesvener: Christer Sosa, Kent Lindén og Anders Tegnér frå Larz Kristerz skal vidare på sommarturneen der mange av konsertane skjer i Noreg.

– Korleis er dansebandmiljøet i Noreg?

– Underbart, det ser du vel, seier gitarist Anders Tegnér.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vore med i bandet i tolv år, og det har blitt mange turar til Noreg.

– Det norske publikumet er best, for alle er så glade og dansar. Denne sommarturneen er me nesten meir her enn i Sverige, seier han.

– Ja, vi trist her, nikkar trommis Christer Sosa og kayboardist Kent Lindén.

Larz Kristerz slapp ny låt på strøymetenester denne fredagen med namn «En riktig Volvo EPA».

– Det er ein hyllest til ungdom som køyrer rundt i slike EPA-traktorar. Den går sakte, og folk blir irritert. Det er synd de ikkje har slike i Noreg, smiler Tegnér.

Som bestilt: Ein kan ikkje noko for at vêr påverkar stemninga, og fredag fekk Seljordfestivalen sol som bestilt.