Riff og Rock: Melek Akdogan: fløyte, Titas Sabunas: saksofon, Natnael Tesfay: trommer, Tiril Juvik Svendsen: trompet, Hanna Underdal: kornett, Jenny Flatland Sandvik: kornett, Benedikte Heggtveit: kornett, Henos Tesfay: trommer. Lærarar: Jo Henning Kaasin, Sigrid Aase, Anders Hefre.

Riff og Rock på Granvin

Har du høyrd om Riffbingo før?

Kreativ musikklærar i Seljord kulturskule Anders Hefre kom på ideen om å kombinere bingo med kjente riff frå populærmelodiar då det var snakk om å arrangere konsert for juniorkorpset.

Hefre og kollega Gunn Steinstad er lærarar for både individuelle timar og samspel i juniorkorpset i Seljord og med seg hadde dei og to andre lærarar i kulturskulen, Sigrid Aase og Jo Henning Kaasin på bass og gitar for å dra i gang rockefoten til publikum. Korpselevane har samspel kvar veke i tillegg til enkelttimar i kulturskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

At korps ikkje berre er marsjar fekk vi erfare på Riffbingoen for juniorkorpset serverte utdrag frå den eine klassiske rock- og poplåten etter den andre. Publikum var begeistra, gjetta låtar, spela bingo og vann masse twist.

Viss du ikkje har høyrt om Riffbingo, har du kanskje ikkje høyrt om Konsert i forbifarten heller?

Musikklærar og kulturskulens rockealibi Jo Henning Kaasin fann på ideen om å lage eit nytt konsertkonsept der kulturskulen arrangerer mindre, uformelle gratis konsertar i foajeen på Granvin. Fyrst ut var rockekonsert i forbifarten! Det blei ein liten time med masse energi og trøkk og alt frå kjente rockelåtar til progressiv melodisk metall med bandet Krapyl frå Flatdal og Porsgrunn. I tillegg hadde Hjartdal kulturskule med to band og Vidar Heldal og Sigrid Aase var med på vokal.

Granvins Geir Jensen var med på bass og lærarane Oddbjørn Aase og Frode Flatland var med på keyboard og trommer. Konserten fyra laus med I love Rock N’Roll med det yngste bandet, noko som var beskrivande for resten av kvelden for rockefoten fekk trimma seg godt gjennom dei neste innslaga.

Konseptet med å ha ein uformell rockekonsert i inngangspartiet på Granvin fungerte godt og alt neste veke blir det to konsertar til i forbifarten som oppvarming til Bare-Abba musikk og teaterframsyning på torsdag 23. mars.

Tekst og foto: Anne Torunn Øverbø (kulturskulerektor)

Riff og Rock: Jo Henning Kaasin, gitar, Oddbjørn Aase, keyboard, Frode Flatland, trommer, Vidar Heldal, vokal, Sigrid Aase, vokal, Geir Jensen, bass, Einar Valhovd, gitar.
Far og son: Bård og Einar Valhovd.
Riff og Rock: Sondov Romtveit, gitar, Herman Jorbakke-Sigstad, gitar, Høye Klomset Lønnestad, vokal, Bjørnar Øygarden, gitar, Eivind Lindvik, trommer.
Riff og Rock: Elise Klingan Valla, gitar, Jo Henning Kaasin, gitar, Sigrid Aase, vokal, Maren Jordbakke-Sigstad, vokal, Amalie Sørensen, vokal, Celina Lauvstad, gitar, Håkon Rosnes Svardal.
Riff og Rock: The Army; Anne Lise Flatland, vokal, Oskar Særsland, gitar, Ida Moen, gitar, Lukas Wåle, bass, Gloria Lonu, trommer.
Riff og Rock: Synne Bekkhus, vokal, Celine Johansen, Keyboard, Bjørn Halvor Venås, gitar, Torgeir Moen, trommer, Jo Henning Kaasin på gitar.