Fint på line: Traktorane set sitt preg på parkeringsplassen til skulen på Vest-Telemark vgs. på Dalen.

Populært med traktor på Dalen

Ei lang rekke med traktorar har blitt eit vanleg syn på parkeringsplassen til Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

– Dei kjem køyrande til Dalen på sundagskveld, dei er vekependlarar på traktor, fortel rådgjevar ved Vest-Telemark vgs. Per Stordrange.

Det er elevane på den populære lina arbeidsmaskiner som brukar traktor som framkomstmiddel både til Dalen der mange av dei bur på hybel, og kvar dag til skulen. Dalen er den einaste staden i gamle Telemark som har lina arbeidsmaskiner, og elevane kjem derfor både frå rundt omkring i Vest-Telemark, men også frå Drangedal og Midt-Telemark. Etter skuletid er det populært å dra nokre striper gjennom Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rykta seier at det er dagens høgdepunkt for nokon av dei eldre på helsesenteret når ungdommane køyrer forbi i traktorane, seier Stordrange.

Les også
God auke i elevtalet for Vest-Telemark vidaregåande