På tur: Her er elevane ved vadmelstampa/sponhøvelen på Øvsttveiten.

På opptur med kveding og skrøner i strålande vårsol

I vår inviterte DNT Junior 8.-klassingane ved Kviteseid og Seljord skule på opptur. Dette er eit årleg arrangement i regi av Den Norske Turforeninga (DNT).

DNT Junior er ei nystarta gruppe, som arrangerer aktivitetar for barn og ungdom i alderen 12-16 år. Onsdag 3. mai tok dei elevane med på den årlege oppturen. Elevane vart henta med buss, og sjølve turen starta ved garden Øvsttveiten på Seljordshei. Ragnar Haugstøl lærte opp i gammaldags bruk av vadmelstampa og sponhøvelen på garden.

God formidlar: Ragnar Haugstøl krydra dagen med alt han kunne fortelje i både ord og tonar.

Turen heldt fram langs Grønlitjønn, Bjørkestaultjønn, og Kroktjønn der ein kunne finne spennande spor og fjør etter storfuglkamp. Så bar det mot Ålovshelleren, med eit strålande utsyn mot Brokefjell. Ragnar baud på lokale historier, kveding, dikt og ein haug skrøner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til slutt ein tur oppom Sandnut, der Sterke Nils i si tid henta skuresand av det finaste slag. Med ei utsikt over Seljordsbygda omkransa av ei rekke fjell som Hattefjell, Skorve, Mælefjell og Lifjell, så var det ned att. Bussen venta ved Raukleiv, etter ein fin dag for både ungdomar, vaksne, og ikkje minst Ragnar som krydra dagen med alt han kunne fortelje i både ord og tonar.

Fin utsikt: Her er elevane på Sandnut, og har utsikt over Seljord.