Spretne karar: Både Vinjargjengen og Hallinggutane byr på akrobatiske stunt; her er Ånund Nordstoga Torgersen frå Vinjargjengen i svevet.

Opningskonserten hyllar Ellen: – Gong på gong har ho forsynt Vinje og landet elles med kvedarar og dansarar

Etter to års koronapause er endeleg kappleiksscenane opne att, og denne helga er det klart for Bø-kappleik. Opningskonserten hyllar det viktige rekrutteringsarbeidet til Ellen Nordstoga – og på scenen vert det show frå Hallinggutane og Vinjargjengen.

Fyller landet med kvedarar: – Det er sagt at Vinje kan forsyne heile landet med diktarar. Ellen Nordstoga gjer det same når det gjeld kveding og dans, seier arrangørane av Bø-kappleiken.

2022 er dei friviljuge sitt år, og i opningskonserten ønskjer arrangørane å lyfte fram den unike innsatsen Ellen Nordstoga har gjort – og framleis gjer – for songen og dansen. På scenen får publikum oppleve nokre av dei yngste skota frå Ellen-stamma, nemleg Vinjargjengen og Hallinggutane.

– Gong på gong har Ellen Nordstoga forsynt Vinje og landet elles med kvedarar og dansarar, seier ein oppglødd Torgeir Straand i spelemannslaget Bøheringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo sagt at Vinje er kjent for å kunne «fylle heile verda med diktarar», men Ellen, ho gjer jo det same når det gjeld dans og kveding!

Les også
Hallinggutane har dansa inn 10 000 kroner: – Det er berre kjempeimponerande

Dugnadskappleik

I tillegg til det friviljuge arbeidet som skjer jamt og trutt, er kappeleiken i seg sjølv også eit stort dugnadslyft.

– Utan den store dugnadsinnsatsen som skjer i det stille, hadde ikkje Bøkappleiken eksistert. Og folk gjev så flotte premiar, til dømes har me fått både kubbestol og grautspann frå Anna-Lisa Forberg, seier Straand.

.