Har dansa inn 10 000 kroner til Leger Utan Grenser: Bak Teo Nestestog Tennant; midten f.v. Ingar Kostveit Seltveit, Iver Øyre Aaland, Halvor Nordheim, Vebjørn Groven; fremst f.v. Øystein Ringhus Bjaaen og Sigve Nessæther.

Hallinggutane har dansa inn 10 000 kroner: – Det er berre kjempeimponerande

Dei sju gutane frå Åmot skule har no dansa inn heile 10 000 kroner til Leger Utan Grenser. – Eg synest det er heilt fantastisk, seier Ellen Nordstoga, som er initiativtakaren bak hallinggruppa.

– Dei har ein veldig energi og danseglede, og at dei har dansa inn så mykje er berre kjempeimponerande, legg Nordstoga til.

Gutane går i 6. og 7. klasse, og har sjølve organisert danseframsyningane. Dei har dansa både på Fristadsenteret i Åmot og på Spar på Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman har det til no blitt samla inn 468 379 kroner til TV-aksjonen i Vinje. Dei toppar fylkesstatistikken og er på 13. plass i landet når det gjeld kor mykje ein har samla inn per innbyggjar.

Les også
Hallingstunt for Leger Utan Grenser: – Betre enn hiphop