Her kan ein trekkje seg tilbake: I det gamle prøverommet kan ein trekkje seg tilbake og «prøvelese» ei bok. Du kan også ta på deg ein hawai-skjorte eller nokre solbriller om du ynskjer å kome i ekstra sommarstemning.

Opna sommarbibliotek. – Me håpar dette vil skape litt meir liv i sentrum

Lokalet skulle eigentleg stå tomt denne sommaren, men no har Benedikte Nes og Tokke Bibliotek laga eit sommarbibliotek i same lokale som turistkontoret.

Etter at klesbutikken NOVA gjekk konkurs tidlegare i år, sto lokalet ved turistkontoret på Dalen tomt. Det ville Tokke Bibliotek gjere noko med.

– Det er eit veldig fint lokale, og det hadde vore trist viss det skulle stått heilt tomt i sommar, seier Nes når VTB besøkjer sommarbiblioteket i sentrum av Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motivasjonen bak prosjektet var å skape litt meir liv i sentrum, med tanke på at området rundt kulturhuset og skulen er ganske «daudt» når det er sommarferie. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket fekk dei støtte til å betale husleige og litt ekstra betening. Utover det har ein bruka utstyr og møblar ein har frå før.

– Det er eit veldig enkelt prosjekt som ikkje har kosta så mykje. Det einaste eg har kjøpt nytt er nokon puter frå Vinjerui, fortel Nes vidare.

Ved å dele lokalet med turistkontoret blir også arbeidsplassen sosial, og Nes har organisert bøkene strategisk slik at lokalhistorielitteratur er plassert nærmast turistinformasjonen.

– Det å plassere lokalhistoriebrøkar nære turistinformasjonen fungerer ganske bra – det er mange som tek seg ein titt, både av norske og utanlandske turistar. Også etter at me la ut på Facebook at me held til her har også mange barnefamiliar vore innom og bruka god tid her, spesielt på dagar det har vore litt dårlegare vêr. I tillegg pågår kampanjen Sommarles, så det er mange born innom for å hente premiar og låne nye bøker.

Nes har vore kreativ i innreiinga av sommarbiblioteket og teke i bruk blant anna kleshengarar til å henge opp tidsskrift og aviser. I tillegg har det tidlegare prøverommet blitt til eit rom ein kan «prøvelese» bøker.

– I prøverommet kan ein sitje heilt i fred og «prøvelese» bøker dersom ein berre treng litt tid for seg sjølv, avsluttar Nes.

Tek i bruk tomt lokale: Tokke bibliotek har tatt i bruk det tomme lokale ved sida av turistkontoret for å lage eit sommarbibliotek i sentrum.