Populært: Den opne dagen i Seljord Hage var populært.

Opna hageporten for éin dag

Om lag 150 personar tok turen då Seljord Hage opna porten laurdag.

Mange hadde tydeleg venta på å igjen besøke Seljord Hage. Hagen har vore stengt i sommar, men laurdag blei alle interesserte inviterte inn.

– Mange har uttrykt at dei har vore lei seg for å kome til stengt port, seier Hans Flaaten i Foreininga Seljord Hage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det strøymde til med folk og at grønsaker gjekk unna.

– Me måtte hente meir frå åkeren, seier Flaaten, som fortel at mange kosa seg i finvêret med suppe, kake og prat. Ungane kosa seg med lompebaking, leik og utprøving av stylter.

– Tusen takk til alle som bidrog med baking og hjelp under arrangementet og takk til dei ca 150 menneska som fant vegen inn og gjorde dette til ein veldig triveleg dag i Seljord Hage. Tre politikarar frå Framstegspartiet, Høgre, og Senterpartiet tok seg også tid til ein tur innom. Me håpar dei forstår at det er behov for Seljord Hage. Den trengst for innbyggarane og turistane, seier Flaaten, og legg til:

– Porten er nå igjen stengt.

Det vil han, ifylgje Flaaten, vera inntil Seljord kommune kan garantere langsiktig og forutsigbar drift.