I desember kan me pynte joletreet til nye, søte joletonar frå Odd Nordstoga.
I desember kan me pynte joletreet til nye, søte joletonar frå Odd Nordstoga.

Odd er klar med nytt jolealbum

Saman med Det Norske Kammerorkester gjev Odd Nordstoga ut eit album med jolesangar 9. november.

Dette blir det andre jolealbumet hans, og det fyrste sidan samarbeidet hans med Sissel Kyrkjebø, «Strålande Jul», kom i 2009. 

I dag viste han publikum kva dei kan gle seg til, då dei to fyrste singlane frå det nye albumet blei tilgjengelege på musikkstrøymetenester. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Smakebitane er «Det hev ei rose sprunge», der han syng saman med Frida Ånnevik, og «Ein kveld i Verona». Den fyrstnemnte song dei to saman på jolekonserten til Odd, som gjekk på NRK veslejoleftan 2016. Sjå video nedst i saka! 

Frå 5. desember dreg Odd og Det Norske Kammerorkester på joleturné rundt i landet. Førebels ser det ikkje ut til at Vest-Telemark er på lista, men 11. desember tek dei turen innom Skien.