Hurrung: Bilde er frå om lag 1930, og dei to karane framfor huset er truleg Tarjei (t.h.) og Sverre Skarprud.

Nå kjem boka om dei 130 husmannsplassane i Tveitgrend og Dalane

I fjor kom boka om husmannsplassar i Vrådal. I år er det historia om husmannsplassane i Tveitgrend og Dalane som hamnar mellom stive permar.

Det er Kviteseid historielag som står bak verket, som er bind nummer to i serien om husmannsplassar i Kviteseid. Boka blir lansert 13. oktober.

Her kan du lese om Kringlemyr, Vasslaus, Firskot, Hardnora, Sending, Skote, Folahefte og Jusureid. Og resten av dei til saman 130 husmannsplassane i Tveitgrend og Dalane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forfattarane presenterer kvar enkelt plass i boka, kven som har budd her, kor mange ungar dei fekk, kven som vaks opp, kven som døydde, kven for til Amerika og, i mange tilfelle, kven som var dei siste som budde på plassen.

Men lesaren får også vite litt om husmannsordninga i Noreg generelt, og Kviteseid spesielt. Husmannsordninga i Noreg vara i om lag 300 år, frå 1650 til 1950. I Vest-Telemark finn ein dei fleste husmannsplassane på 1800-talet, og i Kviteseid vart det utover 1700-talet stadig fleire husmenn. Ved folketeljinga i 1801 utgjorde husmennene og huslydane deira 43 prosent av kviteseidingane.

– Kviteseid var i ferd med å bli ei husmannsbygd, heiter det i boka.

Ny bok: Kviteseid historielag er straks klare med bok nummer to om husmannsplassar i Kviteseid. Dette bindet er frå Tveitgrend og Dalane, og omslagsbilde er av husmannsplassen Nord-Bukti i Tveitgrend.

Ulv, enker og Amerika

Serien om husmannsplassar i Kviteseid skal ende i totalt seks bøker. Kvart område får kvar si bok. Forfattarane av bindet frå Tveitgrend og Dalane er Johannes Skarprud, Erling Brauti og Jørgen Moen. I redaksjonsnemnda sit i tillegg Håkon Heggtveit og Leif Roholdt.

Det er eit stort arbeid som ligg bak soga om husmannsplassane, og som lesar må ein minne seg om at bak alle namna og årstala ligg eit hav av historier. Som til dømes om Anne Vrålsdotter (1745-1801) som var gift med Ånund Jonsson (1724-1776) og vart enke i 1776 og sat att på Hurrung aleine med fem små ungar.

Om plassen Øvrebø kan ein lese at det truleg var Åse og mannen Aslak som var dei siste som budde der. Åse var så god mot dyra, og verna og stelte med alle dyr. Til og med ein ulv som kom heilt inntil husa gav ho matrestar og tryter. «Han blei så spak og glad i folk at han slo seg ned på Øvrebø som eit husdyr.»

Eller om familien på Kringlemyr. Aamund Olavsson Raudkleiv og Kari Steinarsdotter Holtan budde på Kringlemyr i 1850. Dei mista den eldste ungen, Kari, då ho var sju år og døydde etter eit fall frå eit fjell. Seinare flytta familien til Raudkleiv og vidare til Amerika.

Det var slett ikkje aleine, det var mange som reiste frå husmannsplassane til Amerika. I 1841 reiste dei fyrste ni personane frå Kviteseid til Amerika. Seinare auka utvandringa på, og då det dabba av kring 1910 var det heile 2600 menneske som hadde utvandra frå Kviteseid til Amerika.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleirtalet av desse var nok husmenn med familiar, skriv historielaget.

Det er mykje interessant lesing for den som er interessert i lokalhistorie. Boka er fint og artig illustrert med både nye og gamle bilde, og er også oversiktleg med kart og informasjon om kven som er dagens eigar.