Akkerhaugen Rocksamfunn kom med det beste 60- og 70-talet hadde å by på av legendariske låtar. 	Alle
Akkerhaugen Rocksamfunn kom med det beste 60- og 70-talet hadde å by på av legendariske låtar. Alle

Musikken som lever evig

I ei musikalsk tidsreise kom Wood-stock til Tokke. Musikken er like god i dag som den var den gongen, meiner Sissel Timland.

Tokke kulturhus stelte i stand Woodstock-konsert med 68er og flower power som tema.

Musikken sto Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS) for. Dei mønstra eit imponerande ensemble på elleve musikarar, som leverte ikoniske låtar frå 60- og 70-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sissel Brendstuen Timland og Ståle Brendstuen hadde teke på seg 60-tals gevantar og såg fram til ein tur tilbake til ungdomstida.

– Dette er veldig gjenkjennleg, fordi det var musikken me vaks opp med. Eg var 14 år i 68, og hadde akkurat begynna å gå på dans. Ein blir nostalgisk og tenkjer attende til ei fantastisk ungdomstid, seier Sissel.

– Eg har ein son på 35 år som også likar denne musikken. Den er lett å bli glad i, held ho fram

Ingvild Lilletvedt og Benedikte Nes meinte det var ein fin måte å markere det viktige året 1968.
Ingvild Lilletvedt og Benedikte Nes meinte det var ein fin måte å markere det viktige året 1968.
Tjøstov Djuve med ungdomsbilete av seg sjølv.
Tjøstov Djuve med ungdomsbilete av seg sjølv.
Sissel Brendstuen Timland og Ståle Brendstuen meinte det burde vere fleire av slike arrangement.
Sissel Brendstuen Timland og Ståle Brendstuen meinte det burde vere fleire av slike arrangement.

Ståle rosar tiltaket, og meiner slikt bør det vere meir av.

– Det er eit arrangement for godt vaksne, og ein fin måte å få oss ut på, seier han.

I høve temaet var det også slik at om ein kunne stille med eit bilete av seg sjølv frå 1969, så fekk ein 50 kroner i rabatt på inngangsbilletten.

Det var eit tilbod som Tjøstov Djuve ikkje lèt gå frå seg.

– Dette er teke heime i Lårdal, det siste året eg gjekk på ungdomsskulen før eg reiste på gymnaset i Bø, seier Djuve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var mykje som hende på den tida. Vietnamkrigen og månelanding, held han fram.

– Det er sikkert fordi han er kommunekasserar at han ville sikre seg rabatt, kjem det frå Nora Vinjerui.

– Det var i alle fall den beste musikken på den tida, er dei båe skjønt einige om.

Noko nytt

Ingvild Lilletvedt og Benedikte Nes er arrangørane som ville markere brytningstida 68/69.

– Det er 50 år sidan studentopprøret og snart også jubileum for Woodstock, og me tenkte det var ein artig epoke å markere med ein konsert.

Det var nokon som hadde høyrd Akkerhaugen Rocksamfunn sin Woodstock-konsert på Telemarkfestivalen, og var veldig nøgd med den. Folk vil i dag også ha noko meir enn musikk. Difor la me opp temaet rundt dette, seier Nes.

Lilletvedt seier kulturhuset prøver seg fram med ulike tilbod.

– Målet er att me skal femne breitt og ha noko for alle aldrar, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elleve på scena

Camilla Moen i ARS seier musikarane spelar i ulike band, og at dette var ein eingongsgreie dei hadde under Telemarkfestivalen.

– Men så vart me invitert hit, og me er jo alle glade i den musikken, seier ho.

Ottar Langåsdalen spelar keyboard, og meiner musikken frå Woodstock er tidlaus.

– Det var ikkje akkurat vanskeleg å finne låtar når me sette i hop spelelista, seier han.

olav@vtb.no