Nye utstillingar: Nytt av året er denne gamle landhandelen.

Meir plass og nye utstillingar på Z-museum

– Me har tatt vare på ting i fire generasjonar. Det blir det jo litt av, seier Johan Ziener Thronsen på Z-museum i Treungen.

Det private museet opna i 2012 og har sidan opninga hatt 45 000 besøkande.

– No kjem det folk og ber om å få stille ut tinga sine her. Når me litt halv- eller heilgalne slår oss saman, så blir det jo litt ut av det. Me er glade for at me har fått utvida arealet i museet, seier Thronsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landhandel, skule og bedehus

Kvart år er det nye utstillingar på Z-museum. Utvida areal har gitt plass til åtte nye utstillingar i år. Her er ein gamal landhandel, skule, bedehus, gullsmed og optikar. Skulebenkane er frå Tveit skule i Treungen og innreiinga i bedehuset er frå Nordbygda i Nissedal. Nytt av året er også ei utstilling av barnevogner, fotoapparat og syklar. Fleire av dei gamle utstillingane er også utvida. Museet er stort og har plass til mange besøkande, men på grunn av restriksjonar knytt til smittespreiing av koronaviruset legg ikkje museet opp til felles omvisingar i grupper. Fleire skjermar som fortel historie knytt til utstillingane er på plass og vil gje besøkande mykje informasjon.

Sommarope: Z-museum i Treungen er ope frå tysdag til søndag i juni og kvar dag i juli.

Lokalhistorie, Noregshistorie og verdshistorie

På museet finn ein alt frå ein 1000 år gamal stokkbåt, til det gamle tannlegekontoret frå Høydalsmo. Her er jernbaneutstilling, krigsutstilling, gamle leiker, ein gamal hattebutikk frå Porsgrunn og urmakar Skrede frå Bø. Her er eit gullur frå Tsaren av Russland, gamle bilar og ein kafe frå 50-talet.

Morfaren til Johan Ziener Thronsen eigde Sætre kjeksfabrikk og utstyrte Amundsen med proviant til sin ekspedisjon til Sydpolen. Ein kjeks som blei igjen etter turen er også på museet i Treungen.

– Her er det lokalhistorie, Noregshistorie og verdshistorie. Me famnar mykje og breitt, slik at alle skal kunne finne noko dei er interessert i. Både fire- og hundreåringar trivst her, seier Johan Ziener Thronsen, som gler seg til ein ny sommarsesong på museet.

Retrokafe: Etter besøket på museet kan ein ta seg ei pause i denne tøffe kafeen.
Lokal kunstnar: Ingunn Dahle Hansen har dekorert veggen bak sykkelutstillinga.