På turneen stoppar Pedersen gjerne ved biblioteka. Her frå Holmestrand, der han ble tatt svært godt imot av Tone Kjelling.

Laurdag sit Erling i ei pleksiglaskasse utanfor Telesenteret og skriv på ei lokal novelle om spanskesjuken

I to timar skal Erling Pedersen skrive på novelle relatert til området og spanskesjuken.

Pedersen isolerer seg friviljug i eit bur av pleksiglas. Det skal han gjera i 12 byar. Resultatet skal bli 12 noveller. Seljord er den sjette destinasjonen på litteraturturneen Vestmark.

– Vestmark er ei uprøva form for oppsøkande verksemd – forfattaren ut til folket. Ei ambulerande skrivestove vil bli plassert ut på tolv ulike stader, byar og torg i Vestfold og Telemark. På kvar ny stad blir det arbeidd med ei novelle med utgangspunkt i den lokale tradisjonen og historia, informerer Erling Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Synleg, men skjerma

Pedersen vil sitje i skrivestova (120x150x190 cm) som er bygd på ein bilhengar. I tillegg til sjølve skriveplassen vil den bli utstyrt med to store dataskjermar vendt mot publikum. Den eine viser teksten forfattaren arbeider med i sanntid. På den andre rullere leseversjonar av forfattaren sine siste utgjevingar: Den historiske romanen «Der min konge er» og barneboka «Minstens lange reise».

Forfattaren i arbeid vil heile tida vera fullt synleg, men fysisk fullstendig skjerma frå publikum.

Målet er tredelt:

– Nå fram til eit nytt og anna publikum, avmystifisere forfattaryrket, og kome i gang med eit skriveprosjekt som absolutt burde ha aktualitet, seier Pedersen.

Spanskesjuken

Den svært smittsame influensaen spanskesjuken tok livet av 13–15 000 i Norge, hovudsakleg yngre personar mellom 20 og 40 år.

– Slik pesten alltid er krigens følgesvein, var spanskesjuken også det. Det ramma dessutan hardast dei vanskelegast stilte. Trass omfanget er pandemien svært lite omtala i litteraturen, melder Pedersen.

Tiltaket, som starta og blir avslutta i Larvik, er støtta av Norsk kulturråd.