Kven er dei som bygde låven?

Nokon av dei er identifiserte, men historielaget ynskjer hjelp av VTB sine lesarar.

Sverre Bakken var innom i bladstova med eit bilde av dei som bygde låven på Lundevall i Kviteseid i 1926. Frå venstre er Hans Aabø, Talleiv Rue og Jon Lundeberg, men dei andre kjenner ikkje historielaget namna på.

Kanskje nokon lesarar veit kven dei er?