Godkjent instruktør: Kristoffer Roholdt frå Vrådal blei i haust godkjent instruktør hos Norske Redningshunder. Her saman med redningshunden Kripos (5).

Kristoffer er Vest-Telemarks fyrste redningshund-instruktør

Etter søknaden blei sendt i 2019 har vrådølen Kristoffer Roholdt gjennomført mange praksistimar, fleire prøvedømmingar, helgesamlingar, ein teoretisk- og praktisk eksamen, og i slutten av juli blei han godkjent instruktør for Norske redningshundar – som den fyrste i regionen.

– Nå har eg lov til å instruere og dømme når Norske redningshundar har behov for ein instruktør. Eg trur utdanninga mi kan bidra til at fleire vil bruke tid på denne hobbyen, seier Kristoffer Roholdt.

Han tenker på avstandar. Fram til godkjenninga hans måtte ein reise 2–3 timar for å ta det han omtalar som ganske enkle prøver.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Akkurat nå har me ikkje hatt dommarar i Telemark. Det var både i Bø og på Rjukan tidlegare, men dei er ikkje aktive lengre. Eg trur me er i underkant av 120 godkjente instruktørar i Noreg, seier Roholdt.

Hund er moro

Roholdt, som har trena redningshund sidan 2010, fortel at det ligg mange timar og mykje arbeid bak godkjenninga han fekk 30. juli i år.

– Hundearbeid og hund er veldig moro, og eg brukar uansett mykje tid i organisasjonen, difor freista det å gjennomføre utdanninga som instruktør også. Det er fint å kunne hjelpe andre til å få ei godkjenning i NRH. Det er ikkje slik at sjølv om ein blir godkjent er ein utlært, alle erfaringar gjer ein betre i jobben, meiner Roholdt som også gjennomførte ein eittårig instruktørutdanning for hund på Fjellanger i Bergen for nokre år sidan.

Seinare har han halde både kvalpekurs, unghund, lydnad- og sporkurs privat, noko han også synest er veldig moro.

Men nå kan han også vere med å godkjenne fleire ekvipasjar for Norske redningshundar.

Mykje arbeid

– Før eg kunne starte på utdanninga måtte eg søke om å få bli med. Ein må ha fått godkjent to redningshundar, eller re-godkjent ein hund to gonger innan Norske redningshundar.

Roholdt har hatt to godkjente redningshundar for sommar. Tidlegare Balto, som òg var godkjent på lavine, og nå Kripos på 5,5 år som stadig prøvar å kome med nokre innspel til intervjuet, eller kanskje heller litt kos under praten med vrådølen.

Roholdt fortel at distriktsstyret til NRH også må godkjenne at du skal starte på utdanninga før ein kan sende søknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Deretter er det eit fagteknisk utval som vurderer kven som skal få bli med vidare. Kjem ein vidare blir det halde seks praksisdøgn der ein skal gjennomføre ulike øvingar, ein må mellom anna vere med å dømme medan ein annan instruktør er med som sensor. Seinare reiser ein på fire langhelger som har ulike tema, praksis og teori, desse samlingane var på Gardermoen og på Ås, fortel Roholdt.

Både teori og praksis

Før jol i fjor gjekk det mykje tid til å førebu den skriftlege eksamenen.

– Her fekk me spørsmål om åtferd, problemløysing, søketekniske spørsmål knytt til redningsarbeid, pedagogikk og problemløysing. Me måtte også tolke kva rolla som instruktøren har inneber, seier han.

I slutten av juli blei det halde ei veke med praktisk eksamen i Evje under hovudkurset deira, der Roholdt til kvar tid hadde ein sensor i ryggen som vurderte korleis han jobba.

– Ein skulle ta seg av logistikk og organisere treningar for dei seks deltakarane eg hadde i gruppa mi, og vere med å dømme seks ekvipasjar som var til godkjenning, seier Roholdt.

– Eit godt miljø i Vest-Telemark

Roholdt fortel at dei er åtte ekvipasjar som trenar hund saman i Vest-Telemark nå. På tysdagane møtest dei i Vrådal for å trene saman.

– Me har eit godt miljø, noko som er svært viktig for å skape stabilitet. Tone Heddeslid, Emil Fillingsnes og eg har godkjente redningshundar, dei andre fem trenar for å få godkjent redningshund i NRH.

– Og me har plass til fleire, det er ein morosam og givande hobby, og eg trur fleire har fått augo opp for Norske redningshundar etter dei hadde ein eigen serie på TV. Er du interessert i frivillig redningsarbeid, glad i å vere ute i allslags vêr og har ein hund du ynskjer å trene vil me gjerne ha deg med som del av redningstenesta, oppmodar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Instruktørutdanninga fører også til at det blir litt meir reising i den friviljuge jobben, for lønna arbeid er det ikkje. Førre veke hadde han sitt fyrste oppdrag som dommar på ei prøve i Bø.

– Eg får dekt reiser av NRH, men det andre er friviljugt arbeid. Eg skal til Arendal og ei helg til svenskegrensa. Kripos blir sjølvsagt med for ho treng trening, og skulle det skje noko vil me sjølvsagt vere klare til å hjelpe i søk.

Norske redningshundar (NRH)

Norske redningshundar er ein landsomfattande, friviljug, humanitær redningsorganisasjon som utdannar hundar og hundeførarar.

Dei utdannar også leiarar til bruk i redningstenesta, og organiserer beredskap for desse ekvipasjane gjennom kontakt med hovudredningssentralane og lokale politimyndigheiter.

NRH blei stifta i 1956, og dekker heile landet. Organisasjonen er delt opp i distrikt med tilhøyrande lokallag.

Det tar om lag 2–3 år å utdanne ein redningshund. Under opplæringa lærer ein mellom anna korleis ein skal trene hund, fyrstehjelp, samband, orientering og korleis ein kan overleve ute. Hundeførarane har profesjonell kunnskap som er nødvendig for å kunne bidra under redningsaksjonar.

Hundane kan vere godkjent i ein eller fleire av disiplinane: ettersøk – søk i skog og barmark, lavine – søk i skred og katastrofesøk – søk ved naturkatastrofar og ruinar.

Dei siste åra har NRH delteke på om lag 500 redningsaksjonar kvart år.

Kjelde: Norske redningshundar