God respons: Jon Sandvik (t.v.) og Haakon Nordstoga fekk mange gode tilbakemeldingar under landsfestivalen i Ungdommens kulturmønstring.

Kompisane frå Vinje satsa på eigen musikk i landsfinalen

Jon Sandvik (15), Haakon Nordstoga (15) og Birk Øyre Aaland (14) har spelt saman i to år. I sommar stod dei saman på scena under landsfestivalen i Ungdommens kulturmønstring (UKM).

Jon fortel at han og Haakon var med i eit band som vart splitta for eit par år sidan.

– Kulturskulelæraren foreslo då at me burde sjå på moglegheita for å etablere eit nytt band. Birk hadde lyst til å bli med, og då falt brikkene på plass. Han spelar gitar og er ein bra musikar. Me har til gode å setje opp eigne konsertar eller få spelejobbar, men det har blitt litt konsertar med kulturskulen, fortel Jon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spiller mest pop og rock

Gutane har mest sans for pop og rock, og det er som oftast musikk i den sjangeren det blir mest av når dei spelar saman. Slik var det også i UKM der dei etter flott prestasjonar i lokalmønstringa vart sendt rett til fylkesmønstringa i Sandefjord. Der likte juryen det dei høyrte, og var klare på at dei meinte det unge bandet fortente å få moglegheita i landsfestivalen som for aller fyrste gong vart arrangert i Stjørdal.

Jon, Birk og Haakon syntest det var stort å stå på scena. Dei let seg imponere over lyd, lys og andre fasilitetar.

– Det såg ut som publikum likte musikken vår. Det er ekstra artig å stå på scena når du får så god respons som me gjorde. Me satsar på eigenprodusert musikk, og det såg ut som det fall i smak. Eg synest det gjekk overraskande bra. Det beste med landsfestivalen var at det var så mykje å vere med på, alle dei nye impulsane med fekk, og at me kom i kontakt med så mange flotte ungdommar, seier Jon.