Fem veteranar: F.v Inger Sars Aschehoug, Lisa Halvorsen, Bjørg Evensen, Sidsel Gustavsen og Kari Haugen Skoland.

Kari har vore på Litterturdagane sidan starten for 21 år sidan: – Dette er eit av høgdepunkta i året

Mellom seg har dei om lag 70 besøk til Litteraturdagane.

Hjartdølen Kari Haugen Skoland har vore publikum på Litteraturdagane sidan oppstarten i 2001.

Dei fem damene sit langt framme, alle er lyse i håret, blikket er klart og dei følgjer merksamt med. Dette ser dei fram til kvart år: Å vere på litteraturdagane og å møtast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulevener frå 1945

Alt i 2002 fekk Kari Haugen Skoland (f.1939) med seg søstera Lisa Halvorsen (f. 1934), som var ei kjend stemme i NRK folkemusikk gjennom 41 år, til Vinje. Søstrene er fødde i Hjartdal, men i 1945 flytta familien til Oslo. Då Kari byrja på skule i Oslo i fredsåret, fann ho to gode venninner i Bjørg Evensen, framleis busett i Oslo, og Inger Sars Aschehoug, no busett i Halden. Etter kvart blei dei to venninnene med til Vinje for å kose seg med den felles interessa for litteratur. Siste skot på stammen er kusina til dei to søstrene; Sidsel Gustavsen, også busett i Oslo. Ho har vore med dei siste 6-7 åra, fortel ho.

– Dette er eit av høgdepunkta i året, seier dei fem damene, som ser ut til å få med seg alt under litteraturdagane.