Johannes og Bård starta band då dei gjekk på ungdomsskulen. I helga markerte dei seg i Brussel
Telemarks-bandet Krapyl deltok i helga på den internasjonale musikk-konkurransen Imagine music. Der blei dei nummer tre.
Bandet Krapyl visste ikkje heilt kva dei gjekk til då dei reiste til Sandefjord for å delta i den norske finalen i musikk-konkurransen. Dei hadde blitt oppmoda til å delta, og tok utfordringa. Det enda med at dei gjekk heilt til topps. Premien var ein sponsa tur til Brussel for å delta i den internasjonale finalen. Der vart det tredjeplass.
Starta band på ungdomsskulen
Bandnamnet er Krapyl, men sjangeren er dei ikkje heilt samde om.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det ligg ein stad mellom svart metall og rock 'n' roll, seier Bård Valhovd frå Flatdal og Johannes Rønjom Rue frå Svartdal.
Dei starta band då dei gjekk på ungdomsskulen.
Emil Wikerøy-Engravslia frå Notodden, ein kamerat av Johannes, fekk beskjed om at han måtte lære seg å spele bass om han skulle få bli med i bandet. Det gjorde han. Då mangla dei berre ein trommeslagar.
– Og han fann me på ein rockeklubb i Porsgrunn, fortel Bård.
Målet var ein UKM-konsert.
Det høyrer med til historia at det aldri vart nokon UKM-konsert. Den vart avlyst under koronaen. Men trommeslagaren, Johann Magnus Rui Bekkevold som ifølgje dei andre gutane har spela trommer frå han var tre år, vart med vidare i bandet.
I starten høyrde dei mykje på band som AC/DC og Metallica. Etter kvart vart det meir svart metall.
– Det er kult musikalsk, meiner Bård.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei to siste åra har dei spela rundt tjue konsertar.
– I Kristiansand, Sandefjord, Oslo og Seljord, ramsar dei opp.
Imagine music
Imagine music er ein konkurranse for unge musikarar i alderen 17—21 år, og har vore litt av ei oppleving for unggutane frå Telemark. På den internasjonale finalen, som gjekk over fem dagar, møtte bandet unge musikarar frå mange land. Dei delte blant anna rom med deltakarane frå Zimbabwe og Nord-Makedonia, og vart godt kjent med dei.
I tillegg til konkurransen var det ulike foredrag, opplæring og ein del jamming. Der deltakarane, som kom frå mange ulike sjangrar, spela improvisert.
Under konkurransen hadde telemarksbandet bestemt seg for at dei skulle overraske med masse energi.
«Med sin kraftfulle råskap fekk dei publikum til å hoppe opp frå seta sine», melder arrangørane. Det heldt til ein tredjeplass.
Planar vidare
Imagine music spår ei lys framtida for det norske bandet.
– Men kva tenker dei sjølv?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nå er me snart ferdige med nytt album, fortel Bård.
Dei reknar med at dei blir ferdige med innspelinga i januar og at det kjem ut i løpet av året. Men så er framtida litt usikker.
– I januar skal Johannes i militæret. I september skal eg i militæret. Og så skal bassisten i militæret.
Om dei får til å spele noko særleg då er dei usikre på.
– Men etter det kjem me nok tilbake med eit smell, seier Bård.