Klare for Litteraturdagane: Petra Helgesen (f.v.), Ingebjørg Nestestog Edland og Mari Tveiti gler seg til Litteraturdagane i slutten av august.

ISÁK kjem til Litteraturdagane. – Me håpar dette fell i smak hos dei yngre

Det anerkjende norsk-samiske bandet ISÁK kjem til Litteraturdagane i Vinje i slutten av august.

Tema for årets litteraturdagar er «motkultur» med fokus på motmakt og nynorsk presse. I august kjem det til å vere representert ei rekkje motkulturelle rørsler i kommunen.

– Sidan temaet i år er «motkultur», tenkte me at det var perfekt å få ISÀK til å spele. Vokalisten i bandet, Ella Marie Hætta Isaksen, er jo på mange måtar frontfiguren til bandet, og ho har vore ei viktig stemme i samfunnsdebatten dei siste åra – spesielt når det gjeld miljøkamp og samiske rettar, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg håpar me bandet kan trekkje til seg eit yngre publikum. Musikken deira er ei blanding av samisk joik og moderne pop, og showa deira er kjende for å vere ganske så spektakulære, held digitalformidlar Mari Tveiti fram.

Arrangementet og planlegginga av konserten hadde ein høgare kostnad enn det dei forventa, men takke vere økonomisk støtte frå Vinje kommune er det mogleg å gjennomføre likevel.

Litteraturdagane blir arrangert frå 24. til 27. august.

Petra Helgesen har sagt opp jobben som arenaleiar ved Vinjesenteret og Nynorsk kultursentrum er på jakt etter ny leiar.

– Det er framleis eit ganske nytt senter, så stillinga kjem til å handle om å få etablert ein del nye prosjekt og spissa kommunikasjonen av det me gjer – så det er mange ting å ta tak i. I tillegg er det veldig fine kollegaer å jobbe med her, seier Helgesen.