Tid for festival: Bilen til Stefan er full av hattar og hengekøyer til alle som måtte trenge det på Countryfestivalen i Seljord.

«Hengekøyemannen» er klar for festival: – Eg blir fyrstemann inn og sistemann ut

Stefan «Hengekøyemannen» Lyons er klar for Countryfestivalen i Seljord med bilen full av nødvendig utstyr.

Opphavleg frå London, men med familie og barnebarn i Noreg, køyrer Stefan rundt og opplever ymse festivalar og marknadar i sommar. Bilen er full av handvove hengekøyer og cowboyhattar til ein kvar smak.

– Eg har vove hattar, hattar av beste skinn og hattar laga av lastebil-presenning for dei som bryr seg om gjenbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ein stopp innom Mjonøy Bakeri og Camping går vegen vidare til Seljord alt i dag tysdag.

– Eg blir fyrstemann inn og sistemann ut, smiler han.