Spelekvinne: Dagny Andrea Veum Quisling frå Fyresdal utvandra til USA på slutten av 1800-talet og blei den mest aktive kvinnelege hardingfelespelaren me kjenner til.

Fyresdølen som blei «Amerikas einaste spelekvinne»

Dagny Andrea Veum Quisling (1869-1952) reiste frå Fyresdal til USA der ho hadde rundt hundre dokumenterte offentlege framføringar med hardingfela si. Ho var som oftast einaste kvinnelege deltakar på kappleik, og blei kjent for sin heilt eigne spelestil.

Dagny Andrea Veum Quisling frå Vest-Telemark var ein av to kasusstudium i den nyleg publiserte doktoravhandlinga til Laura Ellestad. All informasjon og bilete i denne artikkelen er frå avhandlinga.

Les også
Kanadiaren Laura (40) har tatt doktorgrad om utvandra spelemenn. Sjølv førte hardingfela henne til Rauland

Herr og fru Quisling

Dagny Andrea Gunnarsdatter Veum blei fødd 15. mai 1869 og voks opp som den sjette i rekka av ti sysken på garden Uppigard Veum i Fyresdal. Skal me tru sonen hennar Sverre fekk ikkje Andrea lov til å spele hardingfele i oppveksten av religiøse årsaker, men ho song og spelte ei rekke andre instrument frå tidleg alder. Som vaksen derimot lærte ho mange hardingfeleslåttar frå ektemannen Andreas Quisling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to fyresdølane gifta seg i Chicago i 1891, men ei kjelde meiner at dei visste om kvarandre og var trulova før dei reiste over Atlanteren. Quisling var doktor slik som sin far og eldre bror, men døydde av lungebetennelse i 1911, berre 52 år gamal. Deretter måtte Andrea oppdra fem søner åleine, samt hjelpe til med å sjå etter pasientane til sin avdøde mann. Fire av sønene blei doktorar som sin far, medan sistemann jobba administrativt i bedrifta Quisling Clinic som brørne oppretta i 1933.

I Noreg skulle syskenbarnet deira Vidkun Quisling seinare bli kjent som landssvikar, og det ein gong respekterte familienamnet blei eit synonym for å vera forrædar.

Kvinna på kappleik

Andrea skal ha vore godmodig og positiv, og brukte folkemusikken til å drive vekk sorgene. Året etter at ektemannen døydde deltok ho på den fyrste dokumenterte Norsk-amerikanske kappleiken i 1912. Det blei starten på ein lang karriere som spelekvinne på både kappleikar og andre arenaer.

Andrea var stort sett den einaste kvinnelege spelemannen på dei minst 12 kappleikane ho deltok på. Dei fyrste åra gjorde Andrea det ganske godt på resultatlista, men frå og med 1928 blei ho plassert i ei nyleg oppretta tredje-kategori for dei som var rekna som «ikkje kvalifiserte spelemenn». Slik blei ho ikkje lenger rangert med dei andre, men fekk heller sine eigne «ekstra» eller «ærefulle» prisar for deltakinga. Til samanlikning vann ho fleire fyrsteprisar i kategorien dans, då dette sømma seg betre for ei kvinne.

Også i avisskriv blei Andrea tilsidesett frå sine mannlege kollegaer med subtil ordbruk som nedverdiga henne til ein mindre seriøs hardingfeleutøvar. Framføringane blei til dømes skildra som «festlege» eller «underhaldande», gjerne med kommentarar om antrekket, songen og trampinga framfor det faktiske slåttespelet.

Diskrimineringa stoppa likevel ikkje Andrea frå å delta på kappleik heilt fram til sitt siste leveår i 1952, 83 år gamal.

Einaste kvinne: Dagny Andrea Veum Quisling var som oftast den einaste kvinna som deltok på kappleikane. Biletet er frå Mount Horeb i 1921. (f.v bak) Sjur Bjotveit, Helge Thoresen, John Gudvangen, J. G. Nordgaard, Olav Smedal, Sveinung T. Innleggen og Gunnar Helland. (f.v. framme) Tolleif Strand, Eilev Smedal, Harald Smedal, Dagny Andrea Veum Quisling, Hans Fykerud og Bjørgulv Bjørnaraa.

Song og spelte, spelte og song

Det er ikkje berre det at ho var ei standhaftig kvinne som gjorde Andrea til ein så unik karakter. Ho kunne nemleg finne på å synge slåttemelodiane medan ho spelte, eller andre vegen: akkompagnere med hardingfela medan ho song. Dette fenomenet var nokså ukjent både i USA og Noreg, og ein artikkel som skulle reklamere for ein kappleik i Minnesota drog det fram som kuriositet: «Mrs. Quisling sings and plays her violin at the same time and those who have heard her play and sing ‘Olav! Olav! Kjyre de ha Kalva,’ will want to hear her again».

Reklameplakat: Mrs. A. Quisling - America's Only Woman Hardanger Artist.

Andrea tok også med seg hardingfela og songen til andre multietniske arenaer i USA, til dømes «The National Folk Festival».

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei norske immigrantane organiserte seg i bygdelag som arrangerte stemne der nordmenn frå same distrikt kunne kome saman. På desse stemna blei det oppmuntra til å framføre folkemusikk. Andrea spelte for mange ulike bygdelag, men det var stemna til Telelaget, oppretta 1907, som naturlegvis stod nærast. Der var det viktig for Andrea å kome iført bunad, som ho for øvrig alltid hadde på seg når ho opptredde.

Andrea døydde berre seks månadar etter si siste deltaking på kappleik i 1952, 83 år gamal. Etter sin død blei ho minna i Telelaget med dette diktet skrive av Marie Sexe:

Kjære Dagny Andrea, vi sørger idag

for din bortgang saa rolig og still.

Aldrig mere vi mødes paa Telemarks-lag

for at nyde din sang og dit spil.

Der er sorg i din by — der er sorg i dit hjem–

og av tusener som du var ven!

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi saa tydelig ser dig paa scenen kom frem –

men og virkelig — aldrig igjen.

I din Telemarks-dragt og med fela i haand

du et billede skabte som faa!

Du var norsk i dit spil, i din sang, i din aand

til det sidste dit hjerte fik slaa.

Du blir savnet av alle, det ved jeg for vist,

men dit minde vil altid bli kjært.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og saa sier vi tak for hver stund og for sidst,

og det gode fra dig vi fik lært. (Sexe, 1953)

Ein kan lese heile avhandlinga til Ellestad her