Plateaktuell: Odd Nordstoga er ute med det nye albumet «Inn i skogen».

For fyrste gong er Odd produsent på eige album: – Eg hadde lyst til at det skulle låte slik som eg kunne få til

«Inn i skogen» heiter den nye plata til Odd Nordstoga. Plata har blitt til heime hos Nordstoga på Lambertseter i Oslo, og for fyrste gong er han produsent på eige album.

– Eg hadde lyst til at det skulle låte slik som eg kunne få til. Liksom la mine eigne avgrensingar setje rammene for soundet, bruke mest mogeleg av min palett – instrumenta mine her oppe på kontoret, hente fram den frimodige gleda frå den tid ein var ny i dette og ingenting kunne men alt var lov. Moro har eg hatt det, melder Nordstoga i ei pressemelding.

– Den som av tittelen ventar seg ei plate om bonitet, bark og bjørkeved vil nok bli skuffa. Men, ja, det har blive ein del skog dei siste par åra. Ein ting er at eg har laga musikk til NRK-serien Fotobonden. Ein annan ting er overtakinga av eit småbruk i Trysilskogen. Ganske langt inni skogen er det, med milevis med gran og furu til alle kantar. Eit landskap med uttrykk kan ein vel seie, tyngre og vidare enn dei lette kollane opp mot fjellet i Vinje. På eit tidspunkt fann eg ut at eg kunne prøve å bruke all denne skogen til noko. Noko anna enn berre å hogge ved og plukke molter i, eller å finne eit tema som passar når Fotobonden prøvar å få eit bilete av ei ørn. Bruke den som ståstad å skrive låtar ut frå. Det har eg gjort på dette albumet, seier Nordstoga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torstein Lofthus er med på trommer, Tor Egil Kreken på bass, David Wallumrød på piano, Alexander Pettersen på gitar og Håkon Aase på fele. Det er også ein duett på plata.

– Sigrid Aase er søstera til Håkon, og var vokalist i bandet Hajk. No har ho også gjeve ut ei soloplate med Hanne Hukkelberg som produsent. Men altså, i tillegg til dette syng ho på låten «Godt nok» på dette albumet. Det er eg veldig takksam for at ho ville bli med på, melder Nordstoga.