Fortjener ei feiring: Orgelkomiteen tok stolt i mot det nye orgelet og er no klare for å feire.

Feirar nytt orgel i Grunge kyrkje

Det har lenge vore behov for nytt orgel i kyrkja og orgelkomitéen har no kome i mål med oppdraget.

Kyrkja hadde som mål å få eit nytt orgel på plass til 170-årsmarkering og komitéen, beståande av Robertas Lamsodis, Mildrid Tangvik Straumstøyl, Sondre Bratland, Oscar Johan Garnes og Gerd Danbolt Svalastog, med organisten Iver Kleive som konsulent, kom i mål. Kyrkja rettar ein stor takk til kyrkjeverja som har vore med å bidratt.

No står det eit nytt, digitalt Johannus-orgel i kyrkja, levert av Arnt Frode Strandskogen, og det meiner kyrkja at må bli feira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var litt usikre på grunn av korona, men med gode smittevernomsyn, redusert tal plassar og påmelding til dei ulike arrangementa, skal det gå fint, melder kyrkja i ein pressemelding.

Onsdag 20. oktober held organisten i kyrkja, Robertas Lamsodis, opningskonsert, der Hallvard Jørgensen deltek. Fredag 23. oktober fyller Sondre Bratland og Iver Kleive kyrkja med song og orgeltonar, og sundag 25. oktober blir det konsertmesse i Grunge, der organist Lamsodis har mykje å by på.

– Me ønskjer velkomen til mykje herleg musikk i vakre Grunge kyrkje, melder kyrkja.