Kven er rosemålaren: Ingebjørg Strand har arva denne gamle kista av mor si, og prøvar nå å finne ut kven som er rosemålaren.

Kven har rosemåla denne kista?

Ingebjørg Strand frå Bø har arva ei gamal rosemåla kiste av mor si. Nå prøvar ho å finne ut kven som er målaren av kista, og det siste sporet peikar mot Vest-Telemark.

Sidan i sommar har Ingebjørg Strand arbeidd med å finne ut kven som er rosemålaren av kista ho har arva etter mora, Margit Bergland. Så langt har Strand skrive tretten sider om historia til kista, men ho har enno ikkje funne ut kven som er rosemålaren av kista. Strand fortel at ho har søkt både i Bø, Lunde og Drangedal, utan hell, og at det siste sporet i saka har ført henne til Vest-Telemark.

Strand veit ein del om historia til kista. Sjølv om det står 1889 på kista, er kista truleg eldre, truleg frå 1850-talet, fortel Strand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kista kjem frå mor til Strand, Margit Bergland, fødd Grave. Ho fekk kista av si mor igjen, Ingebjørg Grave, fødd Erikstein, som igjen fekk kista av sine foreldre. Oldemora til Strand, Guro Nilsdatter, fekk kista som brudegåve. Det er derfor initialane GN står på kista, då ho gifta seg med Halvor Erikstein i 1889.

Strand fortel at monogramma vart oppattmåla då Guro og Halvor gifta seg, og at om ein ser godt etter på kista kan ein sjå at dei er oppattmåla.

Ta gjerne kontakt

– Eg har nå skrive tretten sider om kista sin historie, så om det er nokon som har tankar om kven som kan vera målaren ta kontakt. Det eg har forstått er at på 1800-talet var det mange målarar, så sjansen for at eg skal lykkast er visstnok liten, seier Strand som likevel vil prøve å finne ut kven som er målaren av kista ho har arva då kista og historia har engasjert henne veldig.