Framsida: Den eitt år yngre broren, Appen – Asbjørn – er avbilda på framsida.

Eit tidsbilde frå oppveksten på 40- og 50-talet

At det er underhaldande å lese om barndomen i Austbø er det ikkje tvil om.

Halvor Lognvik voks opp på garden Nystog – øvst og aust i Austbøgrenni i Rauland. I boka «Appen, Boa å eg» ser han tilbake på barndomen på 1940- og 50-talet. Appen (Asbjørn Lognvik) er den eitt år yngre broren og Boa (Nicolai Skeie) er kameraten som voks opp i andre etasjen på den nærmaste butikken «og fekk dermed mykje større kontakt med verden enn Appen og meg».

Boa blei berre 40 år gamal. Lognvik skriv i forordet at boka er ein hyllest til barndomskameraten og alt det han stod for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kameraten: – Boa var kan du sei sentral både geografisk og i forhold til inntrykk frå den store verden, skriv Halvor Lognvik. Her var barndomskameraten 20 år.

Dei tre hang saman i tykt og tynt og fann på litt av kvart gjennom oppveksten. Ein får assosiasjonar til TV-serien om «Rakkerungene», men når forfattaren blir konfrontert med det, er den humrande responsen; «Me var myyyyykje verre».

Bading

Her er det historier om då dei heiv seg i det varme badekaret saman med all den skitne klesvasken, om då han beit nabojenta Tone så hardt i armen at tanngarden framleis er synleg, og om då han tjuvlånte ei barnevogn for å frakte den trøytte og slitne veslebroren på traktorvising.

Lognvik skriv også om då dei skulle lære seg konseptet «bading», som Boa hadde plukka opp på butikken at dei dreiv med i meir siviliserte strøk. Det viste seg ikkje å vera så svært som det hadde høyrdest ut. Mogleg det spela inn at konseptet blei testa ut på feil årstid.

Heller ikkje alt frå dei vaksne si verd blei ein suksess når det skulle bli testa ut, kjem det fram i kapittelet som har fått namnet «Pilling». Dette var noko dei vaksne dreiv med, kunne Boa formidle.

«Boas versjon var at når ein skulle pille tok vaksne av seg klæi og smurde lim i foi», skriv Lognvik. Men raudmåling må då også fungere om ein ikkje har lim, tenkte ungane ...

Her er historier om då Jappsjokoladen kom til Rauland, for ikkje å snakke om plastriva: «For ei rive. Du må ha raka ei økt med gamal trerive og helst nye tennar for å skjønne forskjellen». Og om bedemannen som blei anbefala den nye Roquefort-osten; «jau, når eg ha fenje fjerna alt myglet var den bra, den». Han skriv om då han fiksa lauk til mor si og om dugleiken på sykkel – i alle fall når han kunne stå på skeiva inne i ramma og var trygg på frambremsen ...

Dei er nysgjerrige på livet dei tre gutane i Austbø, og lærte seg både å bruke dynamitt (sprengingsekspertar) og å handtere våpen. Tre av bygdas «larrissar», kallar Lognvik trioen retrospektivt.

Lognvik kjem også inn på nokon av livets små mysterium, som kvifor det er to dohol ved sida kvarandre på utedoen; «eg har vondt for å tru at folk venta med å gå på do til ein kunne få selskap».

Artikkelen held fram under annonsen.

Tredje boka

Halvor Lognvik har skrive to bøker tidlegare, båe med krigen som bakteppe. Den eine om drapet på bestefaren, med same namn, på Syrbekk, og den andre «lensmann og landssvikar» om faren som blei dømd til ti års fengsel etter krigen. I «Appen, Boa å eg» fortel Lognvik om då faren kom heim frå «sitt ufrivillige ferieopphold» i byen og elles litt om korleis det sette eit preg på barndomen – som på skulen.

«Me som var NS-ongar fekk sjavsagt litt meir enn dei andre. Men var det ikkje NS-bakgrunn å ørte for fann ein alltid på noko anna. Denne ørtinga, eller mobbinga om du vil, pregar alle barn som blir offer for den slags. For ongar er det utenforskapet som er problemet, ikkje så mykje sjave ørtinga».

Nekta korrektur

«Appen. Boa å eg er etterkrigstidas Norge som dei fleste vil kjenne seg godt igjen i som har opplevd denne tida (...) Dagens Norge er lysår frå Norge 1948 skulegangen var annakvor dag frå september til mai og ein tok fri når ein trong det for læringa var adkillig større ute i bygda på alle måtar enn inne på skulen», skriv Lognvik på baksida av boka.

For oss som er opptatte av språk og rettskriving er det greitt at Lognvik alt i forordet er tydleg på kvar han står. Heilt frå fyrste klasse har han mislikt at han ikkje kan skrive slik dialekten er.

«BoldBooks, som har stått for trykking med meir, ville selvfølegeleg jønne rette og korrigere ifølge språkrådsnormen, noko eg nekta. (...) det eg skriv vil eg tru du skjønnar godt, og dei feil – ifølge normen og det du he lært gjennom skulen – som du ser i mi tekst er bevisste feil, slik eg vil skrive orda.»

Det rykker i blant litt i raudpennen, og ein skulle gjerne hatt endå fleire namn på dei som er omtala og avbilda.

Eg er ingen bokmeldar og Halvor Lognvik er nok heller ikkje ein forfattar, men «Appen, Boa å eg» er, som eit tidsbilde frå 40- og 50-talet, skrive med eit glimt i auga og utan tvil underhaldande lesnad.