Randi Flothyl i Haukeli husflidslag er ei av drivkreftene bak husflidshuset.
Randi Flothyl i Haukeli husflidslag er ei av drivkreftene bak husflidshuset.

Eit hus fylt med husflid

Randi Flothyl i Haukeli husflidslag er ferdig med jolesjauen for lenge sidan, og har difor god tid til å passe husflidshuset i Haukeli.

Strikka og hekla vottar, loddar, genserar og barneklede, trearbeid og dukar. I husflidshuset i Haukeli finn ein stort og smått, produsert av lokale hender. Det er Haukeli husflidslag som står for drifta av butikken, og no før jol er det ope kvar dag utanom sundag. Då er Randi Flothyl på plass. Ho er ein av fleire som byter på å halde hjula i gang i butikken. Men no er det altså ho som ligg best an i jolestria, og ho har vore der kvar dag når jolehandlarane strøymer på.

Det er mest bygdefolk som handlar i husflidshuset, fortel Randi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hyttefolket kjem gjerne når dei treng luer og vottar i januar/februar, seier ho.

Husflidhuset er ope kvar laurdag heile året, bortsett frå når Haukeliutstillinga er open om sommaren. Då flyttar dei varene dit. Det er nemleg husflidslaget som driv Haukeliutstillinga også. Dei har eit aktivt styre med mange jern i elden.

– Det humpar og går, humrar Flothyl.

Ho var på jolemarknaden i Seljord med varer frå husflidshuset og melder om godt sal både der og i Haukeli.

– Men det er då framleis mykje att, legg ho til.