Tonje Elisabeth (t.v.), Lita Elisabeth og André Ørretsen og hunden Nipsi stortrivst som innbyggjarar i Langlim, og kunne ikkje vore meir fornøgd med korleis dei har blitt tatt imot av alle.
Tonje Elisabeth (t.v.), Lita Elisabeth og André Ørretsen og hunden Nipsi stortrivst som innbyggjarar i Langlim, og kunne ikkje vore meir fornøgd med korleis dei har blitt tatt imot av alle.

Det nye gode livet i Langlim-bygda

Frå byjag, kollektivtilbod og leilegheit i åttande etasje til ei lita hytte utan innlagt vatn og inga inntekt fall alle brikker på plass då familien Ørretsen fann seg til rette i Langlim, fekk jobb og eit lykkeleg bygdeliv.

Det ryk av pipa på den raude gamlestoga på Vinsvål då me svingar inn i tunet ein sundag ettermiddag. Langlim er kledd i eit kritkvitt teppe av snø som glitrar i blåtimen. Det ser mest ut som bygda har tatt jolepynten på, med gateljosa som strekkjer seg oppover som ei ljoslenke.

Før me rekk fram til stoga står far i huset, André Ørretsen, i døra å vinkar velkomen inn i eit varmt og jolepynta hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er så takksame for at me flytta akkurat hit til Langlim, fekk møte alle desse gode menneska som bur her og i bygdene kring oss, seier han og presenterer sambuaren Tonje og dottera Lita (2,5).

Overgangen

Det er tre år sidan dei tok valet om å flytte frå byen, reise frå alt jaget. Bryte opp og starte på nytt. André kjente ikkje til hytta og bygda som Tonjes foreldre hadde i Mandal i Seljord. Men dei var begge einige om at dei skulle prøve noko anna enn livet i åttande etasje der ikkje ein gong naboen sa hei. Dei ville bryte med den kvardagen som hadde vore, og klare seg med det dei tok med på flyttelasset.

Tonje sa opp jobben i den kommunale barnehagen etter 7,5 år. No starta ei ny tid i Telemark. Eit nytt liv på hytta der ho hadde mange minne frå feriar og helger med familien i barndommen.

André og Lita med fin fiskefangst.
André og Lita med fin fiskefangst.
Lita og pappa André på isfiske.
Lita og pappa André på isfiske.

– Me flytta på seinsommaren. Me kjøpte med oss mat, mellom anna masse makaroni og 40 kilo med mjøl, fortel Tonje.

Overgangen til kvardagen på hytta var ganske stor. Frå eit hektisk byjag til ein stille og roleg kvardag tett på naturen.

– Hausten kom og me kosa oss. Eg fiska, isen la seg og Tonje var ned for å hogge hòl i isen og hente vatn. Me hadde straum i hytta, men ikkje innlagt vatn, seier André.

Det var på denne tida me vart kjent med Kåre Ekre, eller bestefar Osestaul, som han seinare har blitt titulert for Lita, smiler dei to.

Tonje fortel at Ekre er grunneigar der hytta bestefar hennar i si tid bygde ligg. Ekre var den fyrste lokale som paret vart kjent med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søthunger og gåtur til Seljord

Paret fortel at det var ein fin haust på hytta, sjølv om det var eit enklare og meir primitivt liv enn dei var vande med.

– Me hadde det me trong for å klare oss, eg fiska mykje så me hadde mat og me kosa oss. Men etter kvart vart det vinter og kaldt, og me begynte å få ekstrem søthunger. Eg fiska meg nedover vatnet, og ein dag gjekk eg ned til Nav i Seljord. Eg spurde rett og slett om litt krisepengar, alt me tenkte på var å få stikke innom butikken for å handle litt sukker slik at me kunne få i oss noko søtt, ler André.

– Mannen på Nav lura nok litt på kven denne karen med samekniv og fiskestong var. Han kom med tilbod om ein bussbillett – ein billett slik at eg kunne kome meg heim att til byen. Men eg ville ikkje tilbake til byen, eg forklara at kona mi var på hytta, og det var der me ville bu og vere. Eg fekk til slutt 600 kroner som eg kunne handle for, fortel han.

– Hugsar du Tonje, eg kom heim med sukker og sjokolade, seier André og begge startar å le. Det er rart å tenke tilbake på tida då berre litt søtt var det einaste dei ynskte seg i livet.

Andre fortel at han fekk beskjed på Nav at han kunne kome tilbake om det var behov.

– Og etter kvart fatta dei vedtak på at me kunne få hjelp. Frå fyrste besøk hadde eg veldig godt inntrykk av alle dei tilsette eg møtte på Nav i Seljord. Dei sette krav og bestemte at eg kunne møte på kontoret ein gong i veka for å få 1000 kroner i stønad. Eg gjekk frå hytta til Seljord kvar gong. Fem mil tur retur.

Dei fyrste møta med sambygdingane

André minnest fyrste møtet med sambygdingen Håvard Jønnardalen.

André var nok ein gong på veg for å gå til Seljord, men så stoppa Jønnardalen for å høyre om han ville sitje på – så kom tilbodet om å sitje på heim att også, om han ynskte det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jønnardalen driv gard i Langlim, og då dei to vart betre kjent starta André å hjelpe til på garden hans.

André starta etter kvart som avløysar der, og tenker tilbake på alle som stod i glasa å glante på karen som snørekøyrde etter hunden på eitt ski.

– Det var nok litt av eit syn, då hunden trakk denne framande karen i 40–50 kilometer nedover bakkane i Langlim, ler André som seier at han arbeidde på garden i fire-fem månadar før Nav hjelpte han i gang med eit kvalifikasjonsprogram, eit opplegg dei har for å få folk inn i arbeidslivet.

– Det var vel på denne tida også at Odd Nordbø, naboen vår stoppa ein dag for å helse på hunden vår. Han syntest den var så fin. Slik kom me i snakk, og slik vart kjent med kvarandre. På denne tida hadde me budd på hytta i 10 månadar, og Tonje begynte å sakne innedo og dusj. Det var ikkje like freistande med ein ny vinter med utedo når det var 30 kuldegrader, eller ut for å kakke hol i isen, hente og koke vatn for å vaske seg.

– Eg har eitt hus de kan få leige, sa Odd ein dag, og starta å ordne gamlestova me bur i i dag klar til oss, seier paret og fortel om gleda over dei heilt «vanlege» tinga då dei flytta til gamlestoga på Vinsvål.

– Kjenne på vatnet som kom ut av springen, dusje når ein ynskte det eller gå på do inne. Brått var det luksus, seier Tonje.

Det var godt å flytte til Langlim for familien som snart vart tre og som alle tok det nye og patentfesta etternamnet Ørretsen, slik at dei fekk felles etternamn alle tre.

Lita Elisabeth, den vesle tulla med dei ljose krøllane, vart raskt med på alt som skjedde rundt familien. Heilt frå ho vart fødd har ho tatt del i fiske, fangst eller i arbeid ute saman med far sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No går Lita i barnehagen i Åmotsdal, der ho stortrivst. Det er ein kjempefin barnehage, rosar Tonje.

Ros til bygdefolket og Nav

Tonje og André kom til Seljord utan å kjenne nokon – utan å ha eit nettverk. No kjenner dei seg rike på nye venskap og menneske som bryr seg. Grannar som inviterer André med på jakt, han får jakte rev og småvilt om han ynskjer det. Han har blitt skyssa til Notodden for å ta teoriprøva slik at han fekk førarkortet tilbake – og førarkort vart det også på Tonje då far hennar hjelpte henne med å skaffe seg det. Grannar kjem innom med bakst og kjøt, og gjev vekk ved frå skogen deira.

– Menneska inkluderer og lærer viljug bort alt frå korleis ein skal slakte gris,og flå rev til å gjerde og drive gard her. Me kjenner oss enormt takksame, seier familien.

Dei rosar Nav Seljord for hjelpa dei har bidrege med.

– Dei har skaffa meg jobb som avløysar i Hjartdal kommune, og jobb på Kvåle din gard. Dei har hjelpt Tonje med to jobbar, fast stilling hos Aasmundsens bakeri i tillegg til jobb på Lien fjellgard, og me må verkeleg skryte av alle som bur i Langlim. For ei bygd – alle har tatt oss så godt i mot.

Tonje og André prøvar å ta del i alt som skjer i bygda, er det dugnad stiller dei viljuge opp og Tonje har blitt med i dameklubben som møtest jamleg.

– Det har vore ei velvilje heile vegen. Fiskar eg, gjev eg gjerne bort røykt fisk i nabolaget, og dei sender meg heim att med dei beste kjøtkakene eller klingen som finst – det er i Langlim gourmetkokkane verkeleg bur, smiler André, Lita og Tonje som alle er einige om at Langlim er bygda dei blir i – for bestandig.

tone.tveit@vtb.no